11. oktober gjekk politi- og lensmannsetaten over på den nye løysinga.

Sjå ledige stillingar i politiet

Meir brukarvennleg

Den nye rekrutteringsportalen er eit av mange nye verktøy i arbeidet med å utvikla eit meir einskapleg politi.

- Politi- og lensmannsetaten er ein etat i utvikling. Det er no lettare både for tilsette i etaten og framtidig tilsette utanfor etaten å finna fram til spennande jobbar i heile politiet, seier seksjonsleiar Kjersti Jørgensen i Politidirektoratet.

Politijobb.no utgår

Tidlegare har alle ledige stillingar blitt framstilt distriktsvis via nettstaden politijobb.no. Her har det ikkje vore høve til å filtrera på ledige stillingar innan spesifikke felt.

- Politijobb.no vil framleis eksistera i ein overgangsperiode, men frå og med 11. oktober vil ingen nye stillingar bli kunngjort her, fortel Jørgensen.

Ingen konsekvens for registrert CV

Webcruiter er framleis leverandør for politiets rekrutteringsportal. Som søkar opprettar du ein eigen profil med brukarnamn og passord.

Alle som har brukarkonto og registrert CV gjennom webcruiter frå før, vil framleis ha tilgang til informasjonen sin, på same måte som tidlegare.

Relatert innhald