- Eit aktivt søk gjennom heile jula har vore heilt utan spor etter den sakna, men vi kan ikkje sjå vekk frå at han framleis er i live, seier konstituert politimeister Ingmar Farstad i Møre og Romsdal politidistrikt.

Heile onsdag har politiet drive taktisk etterforsking gjennom avhøyr og analyse av innkomne tips, utan at ein har funne avgjerande spor etter 18-åringen. Dertil har det vore ei rekke møte både i politidistriktet og eksternt i politiet for å få på plass ei best mogleg oppfylgjing av leiteaksjonen torsdag.

- Men vi må også vere opne for at vi kan stå overfor ei sak som har enda på det mest tragiske viset. Derfor vil vi torsdag gjennomføre strandsøk i området på og ved Moltustranda og søk med fjernstyrt undervassfarty med videokamera i sjøen mellom anna i Moltuvika, seier konstituert politimeister Ingmar Farstad.

Røde Kors-mannskap er på plass når søket startar klokka ni torsdag morgon. Det er også friviljuge frå den lokale kajakk-klubben. Etter alt å dømme vert ei redningsskøyte frå redningsselskapet er med i leitestyrken torsdag.

Farstad understrekar igjen at politiet ikkje har gitt opp håpet om at 18-åringen skal kome til rette i live.

– Vi vil oppmode publikum om å kontakte oss dersom dei skulle site med informasjon som kan hjelpe oss med å løyse denne saka, seier han.

Det vart sett i verk leikteaksjon natt til julaftan etter at 18-åringen vart meldt sakna. Meir enn 100 menneske deltok i søket 2 .juledag – rundt 60 frå Røde kors, seks team frå Norske redningshunder, sju personar frå Heimevernet og fem frå Ålesund Brannvesen var med i søket på det meste.