Sakna 18-åring funnen død
Møre og Romsdal politidistrikt kan no stadfeste at var den 18 år gamle David Tarberg frå Moltustranda som torsdag føremiddag vart funnen omkomen ved ein liten holme like sør før Nautøya i Herøy.
Den omkomne vart meldt sakna natt til julaftan og det har gjennom heile jula vore gjennomført omfattande søk i og ved Moltustranda. 2. juledag var så mykje som 100 menneske med på leitinga, men utan å finne spør etter 18-åringen.
Torsdag vart søket teke oppatt med frivillige frå lokalmiljøet og mellom anna Røde Kors-mannskap. I tillegg var eit fjernstyrt undervassfarty med videokamera sett inn i leitinga. Funnet av den omkomne vart gjort av frivillige som søkte med båt langs holmane utanfor i Herøyfjorden utanfor Moltustranda.
- Dessverre fekk saka eit tragisk utfall, men når det først gjekk slik, var det viktig for oss å finne den omkomne. Våre mannskap har gjort ein god jobb i heile julehelga. Politiet er svært takksame for den store innsatsen frå alle som har involverte i leitinga. Ei spesiell takk til dei mange friviljuge som har delteke, seier konstituert politimeister Ingmar Farstad i Møre og Romsdal politidistrikt.