Bistand og hjelp til dei kriminalitetsutsette

Støttesenteret for kriminalitetsutsette er no offisielt opna og politimeister Kaare Songstad er svært nøgd med å få på plass støttesenteret, slik at ein kan gi bistand og hjelp til dei kriminalitetsutsette gjennom heile prosessen. Støttesenteret har allereie vore i drift i eit år og var fyrst ut av alle distrikta, men den offisielle opninga var ikkje før no.

Rettleiing og informasjon gjennom heile prosessen

Dersom ein har vore utsett for vold, truslar, utpressing, hatkriminalitet, seksuelle overgrep, mishandling eller krenkelsar, kan støttesenteret hjelpe vedkomande gjennom heile straffesaksprosessen. Dei kriminalitetsutsette kan mellom anna få informasjon om rettsprosessen, rettleiing om det å anmelde, og støtte etter avgjort sak.

Eit tverrfagleg samarbeid

Støttesenteret er eit offentleg og landsdekkande tilbod med eit tverrfagleg samarbeid. Støttesenteret i Bergen har mellom anna eit tett samarbeid med Bergen kommune, SMISO, Livskrisehjelp, og voldtektsmottaket.

Eit synleg resultat av reforma

Leiar for felles eining for etterretning og etterforsking Helge Stave, fortalte at det er viktig at vi har éin stad der vi kan hjelpe dei kriminalitetsutsette under prosessen og vidare. Stave la også til at det er kjekt å vise fram synleg resultat av reforma.