Mange har meldt at dei var i det aktuelle området opp mot Saudehornet og Skåla. Politiet har snakka med fleire av desse, men ynskjer no å kome i kontakt med alle som var der onsdag ettermiddag. Dette er til hjelp for systematisering av tips, unngå forvekslingar og få sett opplysningane og også fotografi/filmopptak inn i rett samanheng.

    Det er oppretta elektronisk tipsmottak for innsending av foto og video på standardnettsidene til politiet for tips som vi bruker i alle type saker vi etterforskar. Der kan det også leggast inn tips skriftleg.

Når det gjeld fotografi og filmopptak frå onsdag 21. november, vil vi ha desse frå alle som kan ha vore på tur oppe i området. Då tenkjer vi på alle som har vore på veg enten opp eller ned frå og med klokka 12.00 og framover til det ikkje har vore råd å fotografere.

- Kanskje har ikkje du sett noko, men kanskje har andre sett deg, forklarar innsatsleiar Stian Meek.

Før du går til tipsmottaket. Dette er viktig å legge inn : 

  • Kvar er bildet teke?
  • Kva er motivet på biletet?
  • Kven er personane på biletet?
  • Kva tidspunkt er biletet teke?
    Her er det viktig å sjekke klokka til kameraet opp mot rett klokke

Det er også viktig at vi får originalfiler av høgast mogeleg kvalitet. Får du vanskar med å sende inn tar du kontakt med oss på 70 11 87 00 / 02800.

Tips oss