(Oppdatert versjon kl 16.50  30. november)

- Med utgangspunkt i trafikkdata frå mobiltelefonen til den sakna har politiet hatt indikasjonar på at telefonen hennar på eit tidspunkt på ettermiddagen 21. november har vore relativt høgt oppe i fjellpartiet. Politiet understrekar samstundes at dette ikkje gir haldepunkt for at det kan seiast noko nærare om ein bestemt posisjon i fjellområdet. Det er med bakgrunn i dette at fleire polititenestepersonar i dag fredag 30. november er oppe i terrenget, ustyrt med mobiltelefonar, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.  Vi skal bruke trafikkdata frå turane dei no går opp til å samanlikne med trafikkdata med dei frå den sakna sin mobiltelefon.

Politiet har ingen haldepunkt for at det har hendt noko straffbart. I den fasen vi er i no av etterforskinga undersøker vi breitt og har som tidlegare ikkje låst oss til nokon teori om kva som har skjedd Maja Herner.

I går var det inne ein dronepilot i terrenget som søkte saman med politiet, utan at dette ga konkrete resultat. Fredag ettermiddag deltok ressursar frå Røde Kors Hjelpekorps (NB retta - stod tidlegare at dette var ressursar frå Norske Alpine Redningsgrupper (SAR)). Mannskapa som var ute fekk i oppdrag å kontrollere nokre konkrete områder ved Saudehornet. 

Ulike type søk vil vi ha fleire av framover og desse vert gjort blant anna med bakgrunn i det innsamla bildematerialet frå politihelikopteret. Vi hadde politihelikopteret her søndag 25. november i godt vér. Det vart då teke over 2600 RAW-foto som vi no er gang med å gå gjennom.  Over 30 tilsette frå ulike delar av organisasjonen til Møre og Romsdal politidistrikt er inne i arbeidet rundt leitinga etter den sakna. Dagane som kjem framover brukar vi no til avhøyr og alle dei ulike etterforskingsmessige oppgåvene vi er i gang med.

Vi held kontakt med Røde Kors og dei andre frivillige ressursane og varslar via desse om kva vi har behov for å få bistand til av oppgåver.