- Innbyggarundersøkinga i 2018 viser at politiet held fram med å ha stor tillit blant innbyggarane våre der dei bur, og at dei føler seg trygge her i Møre og Romsdal politidistrikt. Det er flott å registrere dei gode tilbakemeldingane som kjem fram i målinga, på den konkrete jobben og hjelpa som vert ytt når det gjeld som mest for publikum i det daglege og i dei sårbare situasjonane, seier politimeister Ingar Bøen.

Ein venta konsekvens

- Tilbakegangen i tillit lokalt og nasjonalt var venta og er naturleg i ei tid med reform. I vårt politidistrikt har vi til dømes siste året hatt konkrete endringar i tenestetilbodet som reduksjonen av talet på oppmøtestadar for utlendingsforvaltninga på Nordmøre og vår varsla omlegging i talet på passkontor i politidistriktet, seier Bøen.

- Nasjonalt vert det vist til også fleire grunnar til tilbakegangen og vi kjenner att desse. Blant anna at kriminaliteten er i endring og at i 2018 leverte ikkje politiet gode nok resultat på til dømes kapasiteten til etterforsking av prioriterte saker. Innbyggarane har nok merka dette, eller dei har høyrt om det og les om det.

Skil seg ikkje ut

Snittskåren i politidistrikta under eitt ligg på 73 prosent og sett under eitt seier 77 prosent at dei har svært stor eller ganske stor tillit til politiet. Møre og Romsdal skil seg dermed ikkje særleg ut frå dei andre denne gongen, sjølv om det er nedgang frå sist då same snittskår låg blant topp fire og 85 prosent meinte dei hadde svært stor eller ganske stor tillit til politiet. Det er fleire i 2018 enn i 2017 som verken har stor eller liten tillit til politiet.

375 personar deltok i undersøkinga frå Møre og Romsdal i 2018, 230 menn og 144 kvinner. Det var flest i alderen 40 til 59 år som sa dei har svært stor eller ganske stor tillit til politiet. 

Nokre fleire sa denne gongen at dei har ganske liten eller svært liten tillit til politiet (5 svakare prosentpoeng). Det vart målt minst tillit til politiet blant dei som var i aldersgruppa 25 til 39 år. Dette er same gruppa som i størst grad er blant dei som ikkje er nøgd etter å ha vorte stoppa i saker/kontakta på offentleg stad (utanom bilkøyring).

Inntrykk

På variablane som gjeld kva inntrykk innbyggarane har av politiet, utmerkar vi oss ikkje noko særskilt - med eit unntak. I vurderinga av om vi kjem oss raskt fram til åstaden etter ein valdsforbrytelse kjem vi ut med snittskår på 58. Der legg vi oss på ein signifikant lågare verdi, samanlikna med politidistrikta samla. Dei spurte i Møre og Romsdal vurderer også politiet som dårlegare på å kome seg raskt til staden ved akutt behov for hjelp.  Det er også ein mindre nedgang i trua på om vi kan pågripe personar som har utført innbrot. Der ligg vi no nede på same snittskår (51 prosent) som gjennomsnittet i politidistrikta. Som tidlegare vert det vurdert at politiet behandlar folk med respekt, uavhengig av kven dei er.

Trygge i Møre og Romsdal

Det at innbyggarane kjenner seg trygge er eit viktig styringsmål for politiet og i Møre og Romsdal er høgt oppe i snittskår som ved førre måling. Det er registrert ein liten auke blant dei som kjenner seg aller mest trygge, spesielt i aldersgruppa 20-29 år i politidistriktet og blant dei over 60 år. Det at eldre føler seg trygge er ekstra bra. Så ser vi ein jamn liten nedgang over tid, men ligg samstundes enno i overkant av nasjonal snittskår på vurderinga av kor synlege vi er lokalt. Vi har 60 i snittskår der snittskår nasjonalt er 58.  Det er også fleire i 2018-undersøkinga som meiner at politiet er regelmessig i kontakt med innbyggarane der dei bor. Her går snittskår opp frå 44 til 48. Med andre ord ikkje store endringane, men positivt at det vert vurdert slik av fleire av dei spurte midt i tida med reform.

Vurderingar

Når det gjeld uro for at ulike hendingar kan inntreffe dei spurte, er det små endringar. Ser ein variablane under eitt, er det som i fjor størst uro for trafikkfarlige hendingar, ID-tjuveri og svindel på nett. Dette er likt med elles i landet, sjølv om dei som er spurt i vårt politidistrikt viser mindre bekymring alt i alt for slike hendingar.

I vurderinga av politiet si handteringsevne vert det Møre og Romsdal vurdert at politiet er best på å handtere trafikkfarlege hendingar og ran. Vurderinga av handteringsevna innan seksuelle overgrep og krenkingar på nett går ned frå 61 til 51 i snittskår i vårt politidistrikt. Lågast vurdert vert handteringsevna til politiet på området lommetjuveri og anna tjuveri på offentleg stad med snittskår på 47. Tala er elles jamt over like med oppnådd gjennomsnittleg snittskår for politidistrikta. Dei som var mest nøgd er ikkje utventa dei som fekk god hjelp, som møtte hyggelege, imøtekomande og greie politi og sakshandsamarar. Godt nøgde var også dei som opplevde at politiet tok saka deira alvorleg og der hjelpa kom når den skulle.   Tenesta levert på telefon kjem også betre blant dei spurte i Møre og Romsdal enn for politidistrikta samla.

Indikator

- Innbyggarundersøkingar, andre analyser og forsking er nokre av styringsverktya vi har for utviklinga av politiet. Det er eit stort arbeidspress på våre tilsette for tida og vi har ein redusert kapasitet til å levere gode resultat på alle områder der vi står no, seier Bøen. Men reforma vi er inne i vil ta oss i rett retning, sjølv om vi ser at det tek tid. Undervegs prøvar vi å få gjort justeringar etter som vi vinn erfaringar. Framover handlar det om å levere resultat og medarbeidarane viser kvar dag stor innsats for å klare dette.

Politiets innbyggerundersøking 2018

  • Gjennomført av Ipsos for Politidirektoratet
  • 374 respondenter i Møre og Romsdal
  • 5 513 respondenter nasjonalt
  • Telefonintervjuer (på kveldstid i perioden 3. september til 2. oktober 2018)
  • Undersøkinga vart også gjennomført i: 2004, 2006, 2008, 2009, 2010, 2012, 2014, 2015, 2016 og 2017.

Informasjon fra Politidirektoratet om undersøkelsen