Bakgrunn for søknaden er kombinasjon av trusselbiletet og at politiet har internasjonale forpliktingar knytt til tryggleik ved lufthamnar. Ved eventuelle hendingar må politiet ha kort responstid og opninga av den nye terminalen på Flesland har gitt større avstandar.

Det er ingen konkrete truslar mot Bergen lufthamn.

– Dette er eit føre-var-tiltak. Reisande på Flesland treng ikkje uroa seg for eigen tryggleik, seier politimeister Kaare Songstad.

Blir søknaden godkjent vil reisande observera at politiet på Flesland går med våpen. Dette er vanleg ved flyplassar i mange andre land.

I fjor passerte over seks millionar reisande Flesland. Vest politidistrikt har gjennomført ein risiko- og sårbarheit-analyse (ROS-analyse). Analysen legg mellom anna vekt på trusselvurdering frå PST for 2019 og trusselvurdering knytt til merkedagar, større arrangement og folkesamlingar i 2019. Trusselvurderingane viser mellom anna til terrorhendingar i Europa dei seinare åra der rask respons frå væpna politi har vore avgjerande for å uskadeleggjere gjerningspersonane.

Søknaden om punktvæpning vart sendt til Politidirektoratet 8. mai. Etter vurdering i direktoratet blir søknaden sendt til Justis- og beredskapsdepartementet som gjer endeleg vedtak.