Øystese overførast til Øst politidistrikt frå 1. juli. Ho har vore visepolitimeister i Vest frå januar 2017.

– Vest politidistrikt er ein flott arbeidsplass og eg trives veldig godt som visepolitimeister her. Samtidig meiner eg alle leiarar bør hoppa på nye moglegheiter som byr seg. På den måten utviklar ein seg og får nye perspektiv. Eg trur eg har erfaringar frå Vest som vil komma til nytte i Øst, og så skal ein jo ikkje sjå bort ifrå at vi i Vest og kan læra noko av eit stort politidistrikt på andre sida av fjella, seier Øystese.

I hennar fråvær er Olav Valland utpeikt som visepolitimeister i Vest politidistrikt. Valland kjem frå stillinga som leiar for geografisk driftseining Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden. Han har lang erfaring som leiar i politiet, mellom anna som visepolitimeister då han var fungerande leiar for avdeling Hordaland under omorganiseringa av politidistriktet i perioden august 2016 til april 2018.