19 bøtelagt for brot på smittevernreglane
Møre og Romsdal politidistrikt har utferda førelegg på til saman 100.000 kroner til 19 unge vaksne, som deltok på ein privat samankomst i eit lånt forsamlingshus i Sykkylven 19. mars.
Etter gjeldande nasjonale reglar på tidspunktet var det ikkje lov å gjennomføre slike arrangement innandørs med fleire enn 10 personar, sjølv om krava til avstand vart oppfylte.
Dei som deltok var i alderen 20 til 26 år og dei har fått bøter på 5000 kroner, og personen som arrangerte samankomsten er bøtelagt med 10 000 kroner.
- Politiet skal følge opp brot på smittvernlovgjevinga, ikkje minst i ei tid med urovekkande smitteutvikling. Det er viktig at vi alle held oss til dei tiltaka som er sette i verk for å hindre smittespreiinga i samfunnet, seier politiadvokat Mathias Häber i Møre og Romsdal politidistrikt.
Fleire av dei 19 har alt vedteke førelegga som er sendt ut.
Om Smittevernreglane som gjeld
Sjå sidene til Helsedirektoratet og nettsidene til di heimkommune.