Det er ikkje greitt at foreldre kjenner press på at "treige" elsparkesyklar er kjipe. Det er heller ikkje greitt at det vert eit statussymbol å eige og bruke "raske" el-sparkesyklar med høgare maks fart enn 20 km/t.

Vi ser at det er eit stort skadepotensial med raske køyrety og det er ditt ansvar som forelder eller føresett til unge el-sparkesyklistar å sørge for at dine kan og forstår regelverket:

  • Elsparkesykkel som gjeng saktare enn 20 km/t = Sykkel.
    Det er lov til å bruke el-sparkesyklar som er å sjå på som sykkel.
  • Elsparkesykkel som går raskare enn 20 km/t = Motorvogn.
    Det er ikkje lov til å bruke elsparkesyklar som er å sjå på som motorvogn. Sjå vegtrafikklova § 2, jamfør køyretyforskrifta § 2-5 nr.12.
  • Trimma eller ikkje trimma spelar inga rolle. Alle el-sparkesyklar som gjeng raskare enn 20 km/t er motorvogn.
  • Elsparkesyklar kan stoppast av politiet for kontroll.
  • Ikkje lov med to personar på elsparkesykkel, uansett alder.

Lovene og reglane for el-sparkesykkel


www.lovdata.no kan du søke opp paragrafar og reglar i vegtrafikklova, forskrifta om køyrety, trafikkreglane og forskrift om krav til sykkel.
Alle som fører elsparkesykkel uansett alder skal kunne og forstå det som spesielt gjeld for elsparkesyklar:

  • Vegtrafikklova § 3: Det er ein generell aktsemdregel og den gjeld all køyrande og gåande trafikk.
  • Vegtrafikklova § 12: Plikt til å stoppe ved vegtrafikkuhell og plikt til å varsle politiet om du vert innblanda i vegtrafikkuhell.
  • Vegtrafikklov § 13: Krav til bruk av påmontert lys når det er mørkt. Meir om dette står i eiga forskrift om krav til sykkel, kapittel 3.
  • Trafikkreglane § 4: Om bruk av køyrebane: Der det er sykkelfelt, må syklande berre bruke sykkelfelt på høgre side av vegen.
  • Trafikkreglane § 7: Om vikeplikt.
  • Trafikkreglane § 9: Om pliktene for gåande: Tilstrekkeleg plass på vegen og vikeplikt.
  • Trafikkreglane § 13: Det som gjeld om køyrefart.
  • Trafikkreglane § 18: Det som gjeld for syklande, regulerer kvar og korleis ein kan køyre på fortau / gangveg / sykkelveg, samt reglane for parkering.

NB! Har du fått med deg plikta ein har til å bremse ned til gangfart, det vil seie omtrent 6 km/t før passering av gåande på gangveg?

Ved brot på reglane er det risiko at

  • Elsparkesykkelen kan verte inndregen! Har den vore involvert i ei straffbar handling, kan det verte inndraging og du vil truleg ikkje få den tilbake.
  • Det kan koste pengar! Statens vegvesen eller Politi kan gi gebyr på 3000 kroner. Det kan skje om det er meir enn ein person på elsparkesykkelen (og førar er 15 år eller eldre). Elsparkesykkel er eit køyrety definert for kun ein person åleine

    Sjå også Forskrift om gebyr for visse brot på vegtrafikklovgivninga, §10, bokstav i og også forskrifta som gjeld for køyrety.

Foreldreansvar og erstatningsplikt

  • Dersom førar er under 18 år må også foreldre kontaktast og orienterast. Før borna fyller 15 år er det du som forelder/føresett som har ansvaret. Blant anna har du erstatningsplikta ved eventuelle skader som barnet ditt har forårsaka.

Det du må gjere - våre råd

  1. Teikn og forklar: Vis gjerne ved å illustrere kva du meiner om dei ulike lovene og reglane. Her er www.vegvesen.no/els til god hjelp med filmar og anna.
  2. Vis i praksis: Ta turen ut med dine unge ut i trafikken. Vis korleis reglane verkar der dine ferdast mest.
  3. Godt synleg: Mørkt kledde unge førarar er vanskelege å få auge på når det er mørkt. Lys er påbode! Vårt råd er å bruke refleksvest.
  4. Bruk hovudet – bruk hjelm: Alt for mange har fått hovudskader som følge av uhell med elsparkesyklar i høg fart. Ikkje la dine næraste verte del av skadestatistikken.
  5. Ikkje aleine: Skap alliansar og stå saman med andre foreldre. Skap ei samla linje på temaet. Felles tilnærming og felles avtalte avgrensingar er lettare å fronte enn at kvart barn får eige regelsett.