Frigir namn etter fallulykke i Rauma
Det var den 36 år gamle Ole Ødegård Lindal som omkom i ei fallulykke ved Blåfjellet i Rauma kommune i går den 3. april. Han var opphaveleg frå Sandnes, men busett i Molde kommune.
Ole Ødegård Lindal var på skitur saman med ein kamerat då den tragiske ulukka
skjedde. Begge to var erfarne fjellfolk som var godt kjende i terrenget.
Ulykka skjedde under nedkøyringa frå Blåfjellet ved Tarløysa.