Sakna kvinne (60) funnen i live
Politiet avsluttar søket etter at kvinna som blei meldt sakna søndag 12. mai er funnen i live.
Politiet gjekk i går ut med ei etterlysing av ei kvinne som var meldt sakna av sine pårørande søndag 12. mai. Tysdag 14. mai, rett etter klokka 11:00, blei kvinna funnen i live ved austenden av Brusdalsvatnet. Det var politiet si hundepatrulje som fann kvinna, etter at eit vitne hadde tipsa om rop frå området.
Kvinna blei funnen i bratt terreng og blir derfor henta ut med redningshelikopter. Kvinna står fram som uskadd, og får vidare oppfølging frå helse.
– Vi rettar ein stor takk til både frivillige og profesjonelle som har gjort ein fantastisk innsats i søket. Vi har hatt eit godt samarbeid med mellom anna Røde Kors, Norske Redningshunder, Norsk Folkehjelp, Redningshelikoptertenesten, Sivilforsvaret, Heimevernet og Norske alpine redningsgrupper som resulterte i at vi fant den sakna kvinna, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad.
Dei pårørande er orientert.
Operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Per Åge Ferstad, kan siterast.
+47 990 94 670
kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no