Talet på meldte lovbrot i Vest politidistrikt er det lågaste på fem år, men nedgangen flater noko ut i 2019 med 30 576 meldte lovbrot. Vinning utgjer den klart største delen meldte lovbrot trass i ein nedgang på nesten 30 prosent dei siste fem åra.

Auke i hatkriminalitet og drap

I 2019 blei 78 saker registrert som hatkriminalitet. Det er ei auke på 82 prosent frå 2018 og heile 169 prosent frå 2017. Hatkriminalitet er straffbare handlingar motivert av fordommar knytt til etnisitet, religion, seksuell orientering og funksjonshemming og kjem oftast som vald og truslar. Politiet har i 2019 prioritert området særskilt, både internt og i samarbeid med andre.

Det ble registrert 8 drap i Vest politidistrikt i 2019, noko som utgjer heile 30 prosent av alle drap i Noreg i 2019. Alle dei sikta er menn. Av ofra var 4 menn og 4 kvinner. Alle sakene er rekna som oppklart.

Nedgang i mindre alvorlige narkotikasaker

Politiet har dei siste åra hatt fokus på bakmenn. Tala syner ein oppgang i talet på grove narkotikasaker i 2019 samanlikna med dei siste fire åra, medan dei mindre grove narkotikasakene går ned og er på det lågaste nivået i siste femårsperiode.

Tala speglar politiets innsats på området og gir ikkje haldepunkt for å seie at det har vore ein nedgang i sal eller bruk av narkotika i politidistriktet.

Kortare sakshandsamingstid

Totalt 30 880 saker blei 2019 påtaleavgjort med ein oppklaringsprosent på 50,7 prosent, som er om lag likt som i resten av landet.

Vest politidistrikt har sidan 2018 prioritert å få ned talet på eldre ikkje-påtaleavgjorte saker. Etter ein sterk reduksjon av eldre saker i 2018, gjekk talet noko opp i 2019. Likevel ser vi reduksjon på sakshandsamingstid i politidistriktet i 2019 på heile 50 dagar i gjennomsnitt. I tillegg til færre eldre saker, gir den nyoppretta eininga Felles straffesaksinntak  raskare avgjersler i mange mindre alvorlege saker.

Fleire ringer 112

Vest politidistrikt sin operasjonssentral tok imot 78 217 telefonar til 112 i 2019, ei auke på 29 prosent samanlikna med 2018. Av desse fekk 98,2 prosent svar innan 20 sekunder, noko som er godt over kravet til svartid (aksesstid).

Politidistriktet er så vidt over krava til responstid i saker som krev rask utrykking. Responstid er tida det tar frå telefonen ringer ved operasjonssentralen til første politieining er på staden. Som i resten av landet har Vest politidistrikt mål om å få ned responstida ytterlegare i 2020.

Fleire søkjer om gjeldsordning

Vest politidistrikt opplever at stadig fleir har økonomiske utfordringar og dei siste fem åra har vi opplevd ein vekst på 53 prosent i talet på kravsmål om utlegg, der personer eller verksemder som skuldar pengar. Men i 2019 erfarte distriktet ein liten nedgang til 45 569 saker, noko som kan tyde på at den voldsame veksten dei siste åra kan ha nådd toppen.

Samstundes registrerte vi ein sterk auke i talet på søknader om gjeldsordning i 2019, noko vi trur kan ha samanheng med den mangeårige veksten i krav om utlegg.

Stabil høg tillit

I politiets årlege Innbyggarundersøking syner ei auka tillit til politiet i Noreg. Nasjonalt svarer 79 prosent av dei spurte at dei har ganske eller svært stor tillit til politiet, noko som er ein oppgang på 3 prosentpoeng frå 2018. Tilsvarande svarer 76 prosent det same i Vest politidistrikt, ein oppgang på eitt prosentpoeng.

Les rapporten her: Omtale av resultat 2019 Vest politidistrikt

 

For spørsmål til årstala eller Innbyggarundersøkinga, kontakt stab for kommunikasjon på: 488 98 811