Vedkomande er bekrefta smitta med Covid-19 og førelegget vart gitt etter at vedkomande braut lovpålagt isolasjon og oppsøkte ein fest natt til søndag. Politiet har i helga etterforska saka og avhøyrd fleire personar.

Av omsyn til personvern ønskjer ikkje Vest politidistrikt å gi noko ytterligare detaljer om hendinga, samt alder, kjønn til vedkomande eller kvar i politidistriktet hendinga skjedde.

- Vedkomande har blitt orientert om førelegget måndag. Betalast ikkje bota, risikerer vedkomande fengsel i 40 dagar. Vi håper folk skjønner alvoret i situasjonen landet står i og innrettar seg etter gjeldande lover, regler og retningslinjer, seier påtaleleiar i Vest politidistrikt, Gunnar Fløystad.

50 oppdrag i helga
Vest politidistrikt har i helga registrert 50 oppdrag relatert til korona, der av eitt tilfelle resulterte i nemnde straffesak. Politiet har i utgangspunktet ei førebyggande rolle for å hjelpe innbyggjarar og verksemder å førebygge smitte.

- Politiet held seg til sentrale lover og forskrifter. Sjølv om folk si oppførsel ikkje er direkte straffbar, kan vi av smittevernomsyn påleggje folk å bryte opp samankomstar eller andre aktivitetar som kan utgjere auka smittefare. Dersom innbyggjarane ikkje følgjer politiet sitt pålegg, kan dette vere straffbart. Men vi prøvar i all hovudsak å jobbe førebyggjande og gi god rettleiing til innbyggjarane der vi kan, seier stabssjef Kjetil Øyri som har det operative ansvaret i Vest politidistrikt i samband med koronahandtering.

Bruk sunn fornuft
Politiet kan ikkje fastsette eit tal for kor mange menneske som kan møtast privat og oppmodar den enkelte til å bruke sunn fornuft og sjølv ta ein nøktern vurdering om kva som er forsvarleg. Råd og retningslinjer frå helsemyndigheitene er førande og politiet kan til ei kvar tid gripe inn for å ivareta allmennheita si tryggleik.

- Klare lovbrot vil bli forfølgt. Det er gjort klart av riksadvokaten av lovbrot som inneber brot på føresegn som skal bidra til å redusere smitterisiko skal prioriterast. Vi kjem difor også framover til å ta brot på smittevernlova som er straffesanksjonert på største alvor, seier Fløystad.