Dette er dei nye reglane:

  • Samtykke skjer ved fysisk oppmøte innanfor opningstida, ein skal ikkje lenger ta med samtykkeskjema, men må ha med pass eller nasjonalt ID-kort
  • Føresette treng ikkje å møte samtidig, eller på det same pass- og ID-kontoret. Ein treng heller ikkje bestille time for å gi samtykke
  • Når begge føresette har gitt sitt varige samtykke, kan barnet få fornya passet eller det nasjonale ID-kortet sitt fram til det er 18 år
  • Eit varig samtykke kan trekkast tilbake, men eit allereie utskrive pass kan ikkje trekkast tilbake

Denne endringa er meint å gjere det enklare for føresette og styrke dokumenttryggleiken ytterlegare. Les meir om samtykke her.

Merk at fram til 1. november må ein ha med samtykkeskjema.