This page is not available in your selected language.
Ikkje like høg tillit til politiet som tidlegare i Vest politidistrikt
- Ikkje uventa går innbyggarane si tillit til politiet ned etter eit år med fleire utfordrande saker på landsbasis. Nedgangen er betydeleg og vi skal ta inn over oss innbyggjarane sine klare tilbakemeldingar. Samstundes skal vi være glade for at norsk politi framleis har høg tillit i befolkninga.
Det seier politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad. Han kan konstatera at innbyggjarane i Vest politidistrikt i stor grad svarer det same som landsgjennomsnittet på dei fleste av spørsmåla.
Tilliten
Ti prosent av respondentane i siste innbyggarundersøking bur i Vest politidistrikt. Av desse svarer 70 prosent at dei har svært eller ganske høg tillit til politiet, mot 72 prosent på landsbasis. Ni prosent i Vest politidistrikt svarer at dei har ganske eller svært lav tillit, det same som landsgjennomsnittet.
Sjølv om talet på respondentar er meir enn firedobla frå 2021 og undersøkinga er gjort digitalt, er spørsmålet om tillit likt som tidlegare år. I 2021 svarte 78 prosent i Vest at dei hadde svært eller ganske høg tillit. I årets undersøking seier tolv prosent at dei har lågare tillit til politiet samanlikna med for eitt år sidan, syv prosent fortel at dei har høgare tillit medan 78 posent seier at den er uendra.
Av dei som svarar at dei har fått lågare tillit siste år, er varslingssaker det som oftast går igjen som grunn hos respondentane her i Vest. Samstundes er det som elles i landet gjerne politiets handtering av enkeltsaker og kapasitetsutfordringar som er mest utslagsgivande for lågare tillit.
Viktig å vera synleg digitalt
Vestlendingane er noko mindre uroa for å bli utsett for kriminalitet i sitt nærmiljø enn landsgjennomsnittet. Dei er mest uroa for å bli utsett for skremmande eller plagsam oppførsel, tjuveri på offentleg stad, id-tjuveri og svindel eller bedrageri.
For dei to siste kategoriane er dei endå meir uroa for at det skal skje når dei brukar digitale tenester. Og over åtte av ti meiner det er viktig at politiet er godt synleg på digitale plattformar.
- Tusen takk til alle som har svart. Resultata gir oss meir og betre informasjon enn tidlegare om innbyggjaranes si oppleving og inntrykk av oss i ulike situasjonar. Vi får ein god peikepinn kva vi lykkas med og kva vi bør forbetre oss på, seier politimeister Songstad og legg til;
- Vi ønsker å gi innbyggjarane det politiet dei treng, samstundes som vi må prioritere dei mest alvorlege sakene som gjerne ikkje er like synlege for folk flest.
Last ned rapport for tal frå Vest politidistrikts respondentar i Innbyggarundersøkinga 2022 her
For nasjonale tal og analyser, sjå politiet.no
Ta kontakt med stab for kommunikasjon for avtale om intervju eller ved evt. spørsmål på 488 98 811 eller kommunikasjon.vest@politiet.no
Fakta om Innbyggarundersøkinga 2022:
- Datainnsamlinga er gjennomført i perioden 23. november 2022 – 2. januar 2023.
- Årets undersøking har ein stor auke i talet på respondentar og endra spørsmålsformuleringer gjer at resultata ikkje er direkte samanliknbare med resultat frå tidlegare år.
- 2 766 respondentar i Vest politidistrikt, frå ca. 600 tidlegare år. På landsbasis er tal på respondentar auka til 27 619, frå ca. 8000 tidlegare år.
- I årets undersøking er det endra datainnsamlingsmetode frå telefonintervju til webundersøking, med rekruttering på e-post og sjølvutfylling av webskjema.
- Målgruppa for undersøkinga er befolkninga i Noreg, 18 år eller eldre. For å sikre representativitet i undersøkinga er resultata korrigert for skeivheitene som er dokumenterte i utvalet med omsyn til samansettinga på kjønn, alder, utdanning innanfor det enkelte politidistrikt. Korreksjonen er gjort ved hjelp av cellevekting. Resultata frå undersøkinga er difor representative med omsyn til den norske befolkninga si fordeling på kjønn, alder, utdanning, og politidistrikt.