This page is not available in your selected language.
Politiet i Møre og Romsdal tek i bruk elektrosjokkvåpen (ESV)
No startar innføringa av elektrosjokkvåpen i Møre og Romsdal politidistrikt.

I september 2021 avgjorde Justis- og beredskapsdepartementet (JD) at elektrosjokkvåpen (ESV) skal innførast i alle politidistrikt i Noreg. Dette vart konklusjonen etter ein toårig prosjektperiode der fire politidistrikt prøvde ut ESV i teneste. No startar innføringa også i Møre og Romsdal politidistrikt. Det operative mannskapet i politidistriktet vil gradvis ta det i bruk etter gjennomført opplæring frå våren 2023.
- Vi har kome godt i gang med opplæringa og har starta innføringa hos oss i Møre og Romsdal, seier politioverbetjent Ole Christian Smørdal. Han er fag- og opplæringsansvarleg i seksjon for operative fag og hovudinstruktør for elektrosjokkvåpen i Møre og Romsdal politidistrikt.
- Maktbruk er ein del av politiet sin kvardag. Vi søker alltid å bruke minst mogleg grad av makt og elektrosjokkvåpenet fyller et tomrom i dette som gjer at vi kanskje i enkelte situasjonar slepp å bruke skytevåpen. Skaderisikoen ved bruk av elektrosjokkvåpenet er liten. Statistikk viser at i mange tilfelle vil elektrosjokkvåpen ha førebyggjande effekt på gjerningspersonen og kan føre til pågriping skjer med minimal bruk av makt. Elektrosjokkvåpen endrar ikkje måten vi jobbar på, men gir oss eit ekstra verktøy i verktøykassa understrekar Smørdal.
Korleis fungerer ESV?
Taseren fungerer ved at to piler blir skotne ut. Når dei treff kroppen, sender det opp mot 50.000 volt gjennom kroppen til den som er treft i fem sekund. Målet er å mellombels lamma den som er treft. Ved behov kan straumen aktiverast på nytt. Pulseringa fører til manglande kontroll over muskulaturen, og gjerningspersonen vil dermed sige saman og bli passivisert.
Fører ESV til skadar?
Elektrosjokkvåpenet fører normalt ikkje til skader. Mindre skadar som skrubbsår som følge av fall eller liten blødning etter treff av pil kan skje.
- Typiske situasjonar der ESV reduserer risikoen for alvorleg skade eller i verste fall dødeleg utfall, kan vere i svært krevjande situasjonar der gjerningspersonen har er farleg for tredjeperson og/eller politiet. Elektrosjokkvåpenet kan nyttast der maktmiddel som batong og peparspray ikkje har lang nok rekkevidde, men bruk av skytevåpen ikkje er nødvendig, kommenterer Ole Christian Smørdal.
Supplerande maktmiddel, ikkje ei erstatning
Elektrosjokkvåpen er mindre farleg enn skytevåpen, og det er strenge reglar for bruk. Instruks, scenariotrening og etikk er ein stor del av opplæringa til det operative mannskapet i politiet. Elektrosjokkvåpen er eit supplerande maktmiddel, ikkje ei erstatning for noko anna.
Har ESV avgrensingar?
Statistikk viser at elektrosjokkvåpen ikkje alltid fungerer, og det er framleis heilt nødvendig å sikre med andre maktmiddel i tillegg.