This page is not available in your selected language.
Skulstad held fram som assisterande politidirektør
I statsråd i dag vart Håkon Skulstad utnemnt på åremål til seks nye år som assisterande politidirektør i Politidirektoratet.

Håkon Skulstad er utdanna politi og er jurist frå Universitetet i Oslo og har sidan 2017 hatt stillinga som assisterande politidirektør.
-Dei første åra mine som assisterande politidirektør handla i stor grad om å gjennomføre og å få politireforma til å virke. Det har vore eit givande arbeid. Framover er det viktig at politiet svarer endå betre på forventningane til innbyggarane, spesielt innan digitalisering og digital kriminalitet. Det er eit arbeid eg brenn for. Politiet er inne i ei krevjande tid, med stramme budsjett og krav til mange viktige leveranser. Eg ser fram til å bidra i arbeidet som står framfor oss, seier assisterande politidirektør Håkon Skulstad.
Skulstad har ei lang karriere innan politietaten og justissektoren. Frå 2011 til 2014 var han rektor på Politihøgskulen, og i perioden 2006 - 2011 var han politimeister i Aust-Finnmark politidistrikt. Han har òg erfaring frå Justisdepartementet, der han i perioden 2002 - 2006 var avdelingsdirektør i Politiavdelinga. Vidare har Skulstad vore statsadvokat, konstituert førstestatsadvokat i Økokrim, og assisterande sjef og konstituert sjef i Kripos. Han har i perioden også fungert som politidirektør (november 2018 – mars 2019), og leia arbeidet med planlegginga og gjennomføringa av nærpolitireforma som både var ei strukturreform - etablering av 12 nye politidistrikt, og ei kvalitetsreform.
-Eg har jobba tett med Håkon Skulstad i fleire år, og eg er glad for at han ønsker å halde fram i stillinga som assisterande politidirektør. Skulstad er ein klok og reflektert mann, som har ei brei og unik erfaring frå ulike leiarstillingar i etaten. Perspektiva og kunnskapen hans om politiet, saman med ein vilje og evne til å sette innbyggarane i sentrum gjennom utvikling på digitaliseringssida, er noko eg set stor pris på, kommenterer politidirektør Benedicte Bjørnland.