Politi på vei ut av helikopter under øvelse Nordlys
Demo besøksdag: Situasjonen utviklar seg og det trengst nødvendig bistand frå nasjonale bistandsressursar. Forsvaret støttar med helikopter.
FotoPolitiet

Politidirektøren meiner politiet aldri har vore betre rusta for å handtere terrorhendingar enno no, samstundes må vi likevel øve for å utvikle kompetanse, og vi må forbetre materiell og utstyr.

Samspel lokalt og nasjonalt

Godt koordinert samspel av avgjerande for å handtere alvorlege hendingar, og denne gongen blei det demonstrert ved at lokalt politi løyste oppdraget saman med nasjonale bistandsressursar, Forsvaret og nødetatane.

Stort løft å gjennomføre

Rundt 900 personar har vore involverte på ulikt vis. Det har mellom anna vore eit mål å øve den nye bistandsinstruksen, objektsikring, stabsarbeid og PLIVO (Pågåande livstruande vold) under realistiske omstende. Sjølv om det er eit stort løft og krev omfattande planlegging som tek mykje ressursar, er det ikkje tvil om at vi må halde fram med å øve. Det er også godt å slå fast at sjølve øvinga blei gjennomført utan skader på materiell eller mannskap.

Avventar evaluering

Øvinga skal som vanleg evaluerast av PHS. - Vi må avvente konklusjonane derifrå før vi kan si noko endeleg om læringspunkt, som det heilt sikkert vil vere mange av, seier Humlegård.

Illustrasjonsfoto fra øvelse Nordlys
Justisminister Per-Willy Amundsen, Politimeister Kirsten Lindeberg, Politidirektør Odd Reidar Humlegård og instruktør Thomas Lande under besøksdagen for øvelse Nordlys.
PhotoPolitiet
Illustrasjonsfoto fra øvelse Nordlys
Politi, helse og brann jobbar tett saman (PLIVO).
PhotoPolitiet
Illustasjonsfoto av beredskapstroppen
Beredskapstroppen viser fram utstyr på stand under besøksdagen.
PhotoPolitiet
Illustrasjonsfoto øvelse Nordlys
Demo besøksdag: Beredskapstroppen entrar bygget der situasjonen framleis er uavklart i 2. etasje.
PhotoPolitiet
Illustrasjonsfoto øvelse Nordlys
Demo besøksdag: Mann med bombevest blir handtert av bombergruppa.
PhotoPolitiet
Illustrasjonsfoto øvelse Nordlys
Bombehund på besøk i Agder.
PhotoPolitiet
Video fra øvelse Nordlys utenfor Stortinget.
VideoPolitiet