Bilder av lensmenn og driftseiningsleiarar
F.v. Guttorm Hagen driftseiningsleiar i geografisk driftseining Søre Sunnmøre, lensmann Tor Sæther i Vanylven lensmannsdistrikt, Tormod Hvattum regionlensmann i Nordfjord og Arne Johannesen som er ny Geografisk driftseiningsleiar for Sogn og Fjordane.

Overgangen vart lagt til same tidspunkt som det vert ny felles operasjonssentral i Vest politidistrikt. Operasjonssentralen i Florø i tidligere Sogn og Fjordane politidistrikt vert nedlagd og oppkall på nødsamband 112 og telefon 02800 (og sentralbord) som gjeld Vanylven vert her etter ruta til Ålesund. Våre naboar køyrder med andre ord denne veka same opplegg som vi gjennomførte i september i vårt politidistrikt.

- Det er lensmannskontoret her i Vanylven og i alt 4 årsverk som formelt kjem over til Møre og Romsdal politidistrikt. Endringa skal ikkje merkast på tenestene som vert levert ute, med unntak av ein forventa reduksjon på passtenesta i dag, seier lensmann Tor Sæther. For oss som tilhøyrer kontoret vil endringa fyrst og fremst skje gjennom ein ny veg å rapportere på og nye myndigheitsliner. Det gode vaktsamarbeidet med Nordfjord held fram.

Overføringa til nytt distrikt vart market ved Vanylven lensmannskontor. Vertskap var sjølvsagt Tor Sæther og dei tre andre som er tilknytta kontoret. Til markeringa kom Guttorm Hagen som er driftseiningsleiar i nye Geografisk driftseining Søre Sunnmøre. Vidare også Arne Johannesen som er ny Geografisk driftseiningsleiar for Sogn og Fjordane saman med Tormod Hvattum som er regionlensmann i Nordfjord.

Ei av sakene dei tok opp rundt bordet for å statusavklare, var korleis dei skal halde fram det gode vaktsamarbeidet med Nordfjord på ein mest mogleg saumlaus måte. Ein test av 112 og 02800 stod også på programmet, før dei tilsette gjekk frå kontoret i ettermiddag, som del av Møre og Romsdal politidistrikt.

PS Testen gjekk heilt fint. :-)