Ein klar trend dei siste åra er ein aukande beslagsfrekvens for MDMA, kokain og GHB/GBL. I tillegg er det beslaglagt store mengder hasj, og styrkegraden i cannabisprodukt har som elles i Europa vore kraftig aukande dei siste åra. Så langt i 2018 er det teke beslag i 2 010 kg cannabisprodukt, og det har berre vore større mengder i 2016.

Betydeleg risiko for MDMA-overdose

Det er beslaglagt om lag 19 000 tablettar og om lag 5 kg MDMA-pulver og krystallinsk materiale fordelt på 654 beslag. Sidan 2010 er MDMA blitt beslaglagd stadig oftare, og i 2018 er det ein auke på 14 % i talet på beslag jamført med fjoråret.

MDMA-produkta har generelt høg reinleik. Høg og uføreseieleg reinleik gjer at det er ein betydeleg risiko for overdose.

Ekstremt potente og farlege fentanylforbindelsar

Det er gjort beslag av nokre nye, ekstremt potente og farlege fentanylforbindelsar. Desse finst i væskeform (augedråpe- og nasesprayflasker), pulver, tablettar og som LSD-liknande blotterpapir.

Fentanyl er i aukande grad årsak til overdosedødsfall, spesielt i USA, men òg i Europa. I Noreg har det òg vore fleire dødsfall knytte til bruk av ulike fentanylanalogar, til tross for at det hittil har vore relativt få beslag her i landet.

Aukande omsetnad på internett

I det første halvåret av 2018 er det registrert 11 927 narkotikasaker. Det er ein nedgang på om lag 7 % jamført med 2017. Vi ser at det stadig blir beslaglagt fleire forskjellige stofftypar i éi og same sak. Dette gjeld i både brukarsaker og innførselssaker.

Omsetnaden på internett, både på det mørke nettet, sosiale medium og i opne kanalar, er liten i forhold til den totale marknaden, men ser ut til å vere aukande. Både nye, psykoaktive stoff og tradisjonell narkotika blir omsette på internett.

Kripos' pressetelefon: 23 20 80 60