ATV-firhjuling. Foto
Politiet i Møre og Romsdal og Statens vegvesen vil framover gjennomføre kontrollar og ha eit spesielt fokus på ATV’ar, mopedar og MC.

Fleire forhold har blitt melde etter slike kontrollar og førarar har fått forenkla  førelegg og køyretøya har blitt avskilta på staden.

- Med vår og sommar er tida her igjen for at ein i mykje større grad ser desse som del av trafikkbiletet. Derfor minner vi no både førarar av ATV'ar og mopedar og føresette til born om regelverket som gjeld, seier trafikk-koordinator i politidistriktet Steven Blindheim.   

Ikkje meint for leik

- Fleire ulukker dei siste åra tyder på at barn får lov til å køyre ATV (All Terrain Vehicle)  inne på privat eigedom. Det er forbode. Politiet oppmodar sterkt om at borna skal gå gjennom normal køyreopplæring før dei får lov til å køyre noko som helst motorisert køyretøy, seier Blindheim. Han legg til at uregistrerte ATV'ar og mopedar ikkje kan ferdast på vegnettet. Dei kan berre brukast på lukka bane og sjåføren må ha lisens frå Noregs Motorsportforbund.

 - Det er fyrst når ein er blitt 16 år, og har fått førarkort at ein har løyve til å køyre ATV og moped  avgrensa opp til 50 kubikkcentimeter. Barn har ikkje løyve til å køyre ATV, verken på privat eller offentleg veg. Blindheim  viser til  Trygg Trafikk som har god informasjon på temaet.

Konsekvensar ved å køyre ein trimma moped eller ATV

Der politi og vegvesen har stansa og avskilta mopedar og ATV’ar har vi også hatt tilfelle der foreldra står som eigar av køyretøyet.  Husk at eigar av køyretøyet (verje) og førar deler plikta med å sikre at køyretøyet ikkje vert brukt dersom det ikkje er i forsvarleg stand.

- Førar og eigar kan kome i eit strafferettsleg ansvar dersom det er feil og manglar ved køyretøyet og ved ei straffesak kan ein også få ein reduksjon på forsikringa, forklarer Blindheim.  

Når ein moped eller ATV vert trimma vil det seie at dei kan køyre mykje raskare og det vil også seie at forsikringsselskapa forsikrar ein annan risiko enn det som vart avtalt. Forsikringsselskapet If og Gjensidige seier at forsikringsbransjen ser alvorleg på ulovleg trimming. Har ein kunde forsikra ein moped eller ATV og det vert avdekka at den er trimma kan dette få konsekvensar.

- Få er klar over er at kunden har opplysningsplikt overfor forsikringsselskapet. Vert ikkje denne overhalden, reknar ein dette som svik. I utgangspunktet har ein då teikna forsikring på eit produkt som ikkje stemmer overeins med faktisk forsikra objekt, forklarer kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige. Kanskje er det enkelt å tenkje at dette er ”uskyldige greier”, men samstundes veit alle at dette ikkje er etter boka. Når det då vert skade og forsikringsselskapa  avdekkjer noko ulovleg eller at opplysningsplikta ikkje er halden, får dette i enkelte tilfelle svært store konsekvensar for forsikringstakaren, seier Voll.  Det vert prisa ut i frå produkt, verdi og risiko: Trimmar ein mopedar eller ein ATV ulovleg og det skjer ein skade, kan kunden risikere redusert erstatning, verte sagt opp som forsikringskunde og også verte meld til politiet. Kvar sak vert elles handsama individuelt.

- Det som normalt kan framstå som eit greitt forsikringsoppgjer kan i verste fall ende opp med at kunden sjølv må ta heile eller delar av rekninga. Det skjer om han eller ho har brote med føresetnadene for forsikringa og det har vore handla med grov uaktsemd, seier informasjonssjef Sigmund Clementz i forsikringsselskapet If.

- Vi er opptekne av tryggleik på vegen og det viktig å tenkje på at både ein sjølv og andre i trafikken skal vere trygge. Å mekke og skru for å få opp farta på ein doning medtrafikantane dine ikkje reknar med kan ha så stor fart, bidreg ikkje til sikrare vegar, seier Clementz.

Forsikringsselskapa saman med politiet er samstemte i at det aller verste er når farta aukar frå 45 km/t til nærare 100 km/t. Då aukar også risikoen for å skade seg sjølv og kanskje andre. Det som i utgangspunktet ser  ufarleg ut, fordi "alle andre gjer det", kan gi store konsekvensar. Det må ungdommen ta inn over seg.  I trafikken har eit stor ansvar for både si eiga og andre si sikkerheit.

Trimma moped. Illustrasjon
Konsekvensar for trimming av ATV’ar og mopedar (brot på vegtrafikklova § 23 jf. § 13)
PhotoPolitiet.

Kva seier lova om trimming (brot på vegtrafikklova § 23 jf. § 13)

  • Trimming av ATV’ar  og mopedar fører til avskilting av køyretøyet og bruksforbod.
  • Forenkla førelegg på kroner  5500
  • Trimming gir opp til seks (!) prikkar på førarkortet ditt.
  • Moped/ATV må reparerast og setjast i stand.
  • Ny framvising på trafikkstasjonen må utførast inkl. gebyr på kroner  500.

Fakta om ATV. Litt om lov og forskrift

 

Det kan skillast mellom tre typar av ATV :

  • ATV som går 40 km i timen. Du må ha fylt 16 år og ha førarkort for Traktor (T). Det er berre førarkort for traktor som gjeld, samt at fører skal bruke hjelm.
  • ATV som går 60 km i timen. Du må ha fylt 18 år og ha førarkort klasse B. Førar må bruke hjelm og det er berre klasse B som gjeld.
  • ATV som går 80 km i timen. Du må ha fylt 18 år og ha førarkort klasse B. Førar må bruke hjelm og det er berre klasse B som gjeld.

Lov om vegtrafikk (vegtrafikklova)

§ 13.Krav til kjørety og bruk av køyrety

Køyrety skal vere bygd, innretta, utstyrt og vedlikehalde slik at det kan brukast utan å forårsake unødig fare eller ulempe og utan å skade veg. Endringar som aukar den maksimale farta eller ytinga på motorsykkel (her under moped) utover grenser fastsett for vedkomande gruppe av motorsyklar i medhald av andre ledd, må ikkje utførast.

§ 23.Ansvar for køyretyets stand m.m.

Før køyringa startar, skal føraren forvisse seg om at køyretyet er i forsvarleg og forskriftsmessig stand og at det er forsvarleg og forskriftsmessig lasta. Han/ho skal sørge for at køyretyet også under bruken er i forsvarleg stand og forsvarleg lasta. Eigar av køyrety eller den som på eigaren sinevegne rår over det, pliktar å sørge for at køyretyet ikkje vert brukt dersom det ikkje er i forsvarleg stand.

Forskift om forenkla forelegg

§ 1 - 8 Forskrift om forenkla forelegg i vegtrafikksaker

Køyring med motorsykkel (her under moped) der det er gjort endring som aukar den maksimale hastigheita eller ytinga som motorsykkel er registrert for, vegtrafikklova § 23 jf. § 13. Bøtelegging på kroner 5 500.

Forskrift om prikkbelastning

§2 og § 3 Grunnlag for prikkbelastning og om registrering av prikkar

Køyring med trimma motorsykkel, her under moped, jf. vegtrafikklova § 13 femte ledd og § 23.Førar med prøveperiode (for førarrett i klasse B), skal registrerast med dobbelt tall på prikkar for kvart brot på reglane.

Prikkbelastning

Brot

Prikkar

I 60-soner eller lavare med køyring minst 16 km/t for fort

3

I 70-soner eller høgare med køyring minst 16 til 20 km/t for fort

2

I 70-soner eller høgare med køyring frå og med 21 km/t for fort

3

Køyring mot raudt lys

3

Ulovleg forbikøyring

3

Brot på vikeplikta

3

Køyring i sperreområde

3

For liten avstand til køyretøyet fram om

3

Køyring med trimma motorsykkel/moped

3

Ikkje sikra passasjerar under 15 år

2

Sjåførar i førarkortklasse B får dobbelt så mange prikkar i prøveperioden.

Sikkerheit i trafikken