Tysdag 21. mai publiserte Dagbladet ei oversikt over årsverk i politiet på kommunenivå under tittelen «Storbyene suger til seg politi – mens halve landet taper». Tala er ikkje representative og gir eit   skeivt bilete av ressursbruken i politidistriktet.

Feil augneblikksbilete

Tala er henta frå Statistisk sentralbyrå og syner mellom anna at Flora kommune har mista 57 årsverk frå 2016 til 2018, medan Bergen har vakse med 148 årsverk i same periode. Og Tysnes har ifølge oversikten gått frå åtte til null årsverk.

Tala SSB har fått frå politiet tok den gong utgangspunkt i organisatorisk tilhøyrsle, ikkje kor dei tilsette fysisk kjem på jobb. Tala er henta ut midt i den største omorganiseringa i politiet nokon sinne der mange tilsette fekk nye stillingar i nye organisatoriske einingar.

Endringane er ikkje så store som SSB-tala syner. Ifølge Vest politidistrikts eigne tal per mars 2019 har talet på årsverk vakse med 95 i Bergen kommune samanlikna med 2016, mens det i Flora har gått ned med 22 årsverk. I Tysnes kommune har lensmannskontoret aldri stått tomt og her tel ein i dag 4 årsverk. Vi kunne nemnt fleire eksempel, men kan av tryggleiksmessige årsaker ikkje å gi ut ein full oversikt over bemanninga i politidistriktet.

Vi understreker at tala er i stadig endring og er difor eit augneblikksbilete av bemanningsituasjonen.

Difor aukar Bergen

Sjølv med korrigerte tal, er etterlatt inntrykk at politireforma ikkje er ei nærpolitireform, men ei sentraliseringsreform.

Vest politidistrikt har god beredskap i heile distriktet, men kunne sjølvsagt ønskt oss meir ressursar for å tilsette fleire lokalt. Men pengar åleine er ikkje forklaringa på fordelinga av polititilsette.

Bergen har hovudsetet for politidistriktet og ei rekkje funksjonar er samla her. Mellom anna er den nye operasjonssentralen lokalisert i Bergen etter samanslåinga med operasjonssentralen i Florø. Det krev store ressursar å ha døgnkontinuerlig beredskap til å løyse oppdrag i eit stort politidistrikt.

Her er også årsverk som ikkje tilhøyrar politidistriktet, men som jobbar for politiets særorgan som politiets IKT-tenester og fellestenester for materiell og eigedom. I tillegg kjem Utrykkingspolitiets tilsette, men vi understrekar at dei har tilsette ved fleire kontor i Vest politidistrikt sitt område.

Ein av hovudsatsingane i politireforma oppbygginga av felles einingar med spisskompetanse på sine fagfelt. Desse einingane skal støtte arbeidet i alle delar av distriktet. Til dømes kan vi ha medarbeidarar som jobbar med saker i Odda, Vaksdal eller Gulen, men som fysisk sit i Bergen, Florø eller Førde. Dette gir betre kvalitet på dei vanskelegaste sakene og sikrar likare handsaming av like type saker, uavhengig av kor ein bur.

Fysisk arbeidsplass er ingen god indikator

I dagens kriminalitetsbilde er det ikkje kontorbygg eller fysisk plassering av tilsette som har størst betydning for ein god polititeneste.

Politiet må vere synleg der folk er, og auken i kriminaliteten på digitale flater gjer at vi må endre våre prioriteringar. Men ein app aldri erstatta vårt møte med menneske i sårbare situasjonar. Blir nokon utsett for trugsmål på Snapchat, må politiet både vera online òg ha patruljer som rykkjer ut for å hindra at dette skjer.

Vest politidistrikt skal auke talet på tilsette i 2019. Vi vil då syta for ein sunn og god fordeling for å sikra både lokal, fysisk nærvær, samstundes som vi aukar vår kompetanse på fagområde som dekkjer heile distriktet. På den måten er det ingen som «tapar».

 

Visepolitimeister Ida Melbo Øystese

  • Staffing
  • Police reform