Dei viktigaste utviklingstrekka:

  • Auke i talet på narkotikasaker for første gong sidan 2014
  • Hasj blir stadig oftare beslaglagd og har høgare styrkegrad
  • Oftare beslag av store mengder kokain
  • Store mengder av det opioidhaldige legemiddelet tramadol
  • Nedgangen i beslag av NPS (nye psykoaktive stoff) held fram

Stor illegal marknad for medikament

Utviklinga for kokain som vi ser i Noreg, følgjer utviklinga i Europa totalt sett. Auken kan knyttast til ein historisk høg produksjonskapasitet i Sør-Amerika og eit transportregime til Europa som er særs godt utvikla og drive av organiserte kriminelle.

- Auken i opioidhaldige legemidler gjev grunn til bekymring. Truleg er den illegale marknaden for reseptbelagte medikament større enn ein har sett tidlegare, seier Kari Frey Solvik, leiar ved seksjon for narkotikaanalyse på Kripos.

Narkotikastatistikk 1. halvåret 2019 (1.26 MB)