I går pågreip og sikta politiet ein mann i slutten av 20-åra for drap på Ronny Nygård som vart funne død på parkeringsplassen tilhøyrande Rema 1000 i Hesthaugvegen, Åsane, laurdag 1. juni.

 

Politiet vart varsla om at ein person var funnen død på førmiddagen. Vi stengte av funnstaden med ein gong og gjennomførte undersøking på staden. Funn på staden gav ikkje noen klare svar på kva som hadde skjedd med avdøde og politiet oppretta difor ei undersøkingssak på dødsfallet. 

 

Vi fekk raskt kartlagt at mannen hadde vore i Bergen sentrum fredag kveld, og at han tok ein nattbuss frå sentrum klokka 02:43. Dette var buss nr. 30 som går til Tertnes. Han gjekk av bussen på Åsane terminal ca. klokka 03:00. Fleire andre passasjerar gjekk av bussen same stad.

 

Kort tid etter hendinga bad vi personar som var på buss nr. 30 frå sentrum denne natta, og personar som var på Åsane terminal rundt klokka 03:00 natt til laurdag 1. juni om å ta kontakt med oss.

 

Vi hadde eit vitne inne til avhør i saka om lag to veker etter hendinga. På bakgrunn av forklaringa han kom med i avhør og dei andre opplysningane i saka fekk han undervegs i avhøret endra status og vart sikta for falsk forklaring. Han vart ikkje framstilt for fengsling og vart lauslaten etter avhør.

 

Gjennom sommaren har vi etterforska saka vidare, og gjennomført ei rekke kriminaltekniske undersøkingar, påfølgande analyser og avhør. Resultata av dette arbeidet har ført til at vi no har sikta same person for drap. Av taktiske grunnar kan vi ikkje gå ut med ytterlegare detaljar frå etterforskinga.

 

Vi har i samråd med familien valt å gå ut med opplysningar om at avdøde var Ronny Nygård, 43 år gamal, 190 cm høg og kraftig bygd. Han hadde på seg grå gensar med blå striper, svart jakke, brune sko og blå dongeribukse. Familien har advokat Kjetil Ottesen som bistandsadvokat.

 

Sikta er ein mann i slutten av 20 åra. Han er registrert i politiet sine register frå før, men er ikkje det vi omtalar som kjenning av politiet. Han har fått oppnemnd advokat Einar Råen som forsvarar. Sikta vil bli framstilt for fengsling fredag då vi vurderer at det føreligg fare for at han vil forspille bevis dersom han lauslatast. 

 

Vi ønskjer difor på ny å be om at personar som var på buss nr. 30 frå sentrum denne natta, og personar som var på Åsane terminal rundt klokka 03:00 natt til laurdag 1. juni om å ta kontakt med oss. Vi har fått opplysingar om at det skal ha vore ein konflikt mellom avdøde og ein ungdomsgjeng. Eg understrekar at desse ungdommane ikkje er mistenkt i saka. Vi meiner dei kan ha sentral informasjon om saka og ønskjer difor særleg å kome i kontakt med desse personane. Vidare ber vi om at alle som har vore på bussen og terminalen på tidspunktet tek kontakt på tipsnummer 47 69 60 60. Dersom nokon kan ha filmopptak frå området e.l. ønskjer vi også dette.

 

Politiet kan ringast på tipstelefon 47 69 60 60

Kontaktperson for redaksjonane: politiadvokat Kristine Knutsen-Berge på telefon 488 65 528