Møre og Romsdal politidistrikt har 560 tilsette.

Organisering

Møre og Romsdal politidistrikt er i ein omstillingsprosess og innførte sommaren 2017 delar av ein ny organisasjonsstruktur med med tre leiarstøttestabar og fem felles funksjonelle driftseiningar for hele det nye distriktet.

Våren 2018 sette distriktet i verk ny lokal struktur som vart fastsett av Justisdepartementet sommaren 2017. Det inneber at talet på lensmannskontor er redusert frå 23 til 15, medan det framleis er tre politistasjonar i distriktet.

Talet på geografiske driftseiningar er redusert frå seks til fire. Det er no to drifteiningar på Sunnmøre, ei i Romsdal og ei på Nordmøre.

Leiing

  • Politimeister er Ingar Bøen.
    Bøen er jurist med lang erfaring som statsadvokat  og  leiar for påtaleeininga i Sunnmøre politidistikt.
  • Visepolitimeister er Ingmar Farstad.
    Farstad har brei politifagleg bakgrunn og har tidlegare vore både stasjonssjef i Ålesund og leiar for felles operativ eining i Sunnmøre politidistrikt.

Stabseiningar

Stab for HR og HMS
Stab for verksemdstyring

Stab for kommunikasjon

Funksjonelle einingar

Felles eining for operativ teneste
Felles eining for påtale
Felles eining for utlending, forvalting og sivil rettspleie
Felles eining for etterretting, førebygging og etterforsking
PST

Geografisk driftseiningar

Søre Sunnmøre

Nordre Sunnmøre

Romsdal

Nordmøre