Dei overvaka fjellpartia:

Planverket

Nasjonal beredskapsplan for fjellskred ligg til grunn for samarbeidet politiet har med andre aktørar. Planen definerer rammene for beredskapen mot fjellskred og korleis beredskapen skal etablerast og driftast. Planen inneheld rutiner og planlagte tiltak for overvaking, varsling, evakuering og anna skadeavgrensning. 

Varsling

Beredskapssenteret NVE på Stranda har 24/7 overvåkning av objekta og set til ei kvar tid farenivået. Dette vert meldt til beredskapsaktørane. 

Ansvar på raud beredskap

Raud beredskap vil normalt innebære at alle førehandsdefinerte evakueringssoner vert beordra evakuert. Ordren er det politimeisteren som gir.

Politimeisteren sine avgjerder innanfor avvergande tiltak mot akutt fare for liv og helse har prioritet overfor eventuelt konkurrerande ressursbruk for å berge miljø og materielle verdiar. I redningssituasjonar har lokal redningssentral (LRS) same prioritet i sine avgjerder om ressursbruk.

Øvrige aktørar skal ved raud beredskap understøtte gjennomføringa til politiet og sikre at evakueringa vert oppretthalden. Fylkesmannen har eit særleg ansvar for å samordne tiltaka "bak" evakueringa.

Faresoner og evakueringssoner er teikna inn i kart. NB! Dei er ikkje heilt nøyaktige på meternivå - men viser det som gjeld for kvar av kommunane i Møre og Romsdal.

Sjå sonene som gjeld for blant anna

Kva er ei faresone?

Faresonene (i Nasjonal beredskapsplan for fjellskred) er sette ut frå eit scenario for fjellskreda sine utløpsområder og eventuelle sekundæreffektar (flodbylgjer og/eller flaum).

Det er mykje som kan påverke slike scenario, men volum på skredet står sentralt. For å rekne ut stabilitet og realistiske volum, må det ustabile fjellpartiet undersøkast grundig. Med utgangspunkt i ett eller fleire skredscenario vert det rekna ut faresoner ved hjelp av matematiske modellar og simuleringar for skred, flodbylgjer og flaum. Dette igjen skal, så langt det er mogleg, koplast mot bygningsteknisk forskrifts grenseverdier (§ 7-3)  (sikkerheit mot skred og årleg risiko).

Faresone for skred med årleg nominell sannsynligheit på 1/5000 ligg til grunn for berekninga av områder for evakuering og andre restriksjonar ved auka fare for fjellskred. Faresonene vert fastsett av NVE i samarbeid med andre geofaglige instansar.

Kva er ei evakueringssone?

Evakueringssonene er fastsette som summen av:

  • Faresonen (1/5000).
  • Ein sikkerhetsmargin.
  • Øvrige områder som bør evakuerast, til dømes lokalitetar som kan verte isolert.

Evakueringssonene vert fastsett av politiet, i samråd med blant anna NVE, kommunane, innbyggarar og verksemder. Sikkerhetsmarginane vert fastsett individuelt for kvart einskild geografisk område og er ein funksjon av både usikkerheit kopla opp mot berekninga av faresone og sårbarheitsvurderingar i det aktuelle området.

For tilgang til karttenesta  kan du nytte denne direkte koplinga til GisLink-kartsystemet: http://www.gislink.no/beredskap/index.html

Skjermdump av kartløysinga i GisLink som viser faresoner og evakueringssoner for fjellskred i Møre og Romsdal.
Skjermdump av kartløysinga i GisLink som viser faresoner og evakueringssoner for fjellskred i Møre og Romsdal.
Foto frå området ved Mannen i Rauma kommune
Foto fra området Mannen i Rauma kommune under helikopterbefaring med Justisministeren i november 2014.
PhotoEli Anne Tvergrov (Politiet).
Foto fra overvakinga på Åknes.
Foto fra overvakinga på Åknes i 2015.
PhotoEli Anne Tvergrov (Politiet).