Om politidistriktet

  • Vest politidistrikt er et stort distrikt med om lag 587.000 innbyggjarar og et geografisk areal på totalt over 32.500 km2 med alt frå kyst til høgfjell.
  • Vest politidistrikt har om lag 1.300 tilsette.
  • Politidistriktets hovudsete ligger i Bergen og der ligg også den nye operasjonssentralen for Vest politidistrikt, som opna 8. november 2017.
  • Distriktet er slått saman av dei to tidlegere politidistrikta Hordaland og Sogn og Fjordane. 

Som følgje av politireforma går distriktet no gjennom ei omfattande strukturendring og vil frå nyttår bestå av tre geografiske driftseiningar og syv funksjonelle driftseiningar. I tillegg kommer tre leiarstøttestabar.

Det vil ikkje bli merkbar endring for innbyggjarane den første perioden og du kan kontakte ditt lokale politi på same stad som før. Kontaktinformasjonen finn du alltid eit eller anna sted på sidene.

Leiinga

Vest politidistrikt leies av politimeister Kaare Songstad og visepolitimeister Ida Melbo Øystese. Politidistriktet sitt hovudsete er på politihuset i Bergen. I politimeisterens leiargruppe sit leiarane for dei tre geografiske driftseiningane, de funksjonelle driftseiningane og dei tre stabane.

Organisering

Vest politidistrikt er organisert i tre geografiske driftseiningar

  • Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden
  • Hordaland
  • Sogn og Fjordane

Politidistriktet har syv funksjonelle driftseiningar

  • Felles eining for førebygging
  • Felles eining for etterretning og etterforsking
  • Felles eining for operativ teneste
  • Felles eining for påtale
  • Felles eining for sivil rettspleie
  • Felles eining for utlending og forvaltning
  • Politiets tryggleiksteneste - PST

I tillegg er det tre støtteeiningar

  • Stab for kommunikasjon
  • Stab for HR og HMS
  • Stab for verksemdstyring