Innsynsretten er forankra i lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).

Nyttig å vite før du ber om innsyn:

  • Offentlege journalar skal sikre personvernet.
  • Offentlege journalar inneheld ikkje informasjon om straffesaker.
  • Det er mogleg å få tilsendt ein offentleg journal for ei bestemt tid.
  • Gje så konkrete opplysningar som mogleg om kven eller kva saka gjeld, slik at det går raskare å finne det rette dokumentet.

Innsyn i dokument hos Politidirektoratet

Innsyn i Politidirektoratet sine dokument kan ein bestille via offentleg journal.

For å få innsyn i dokument frå før 1. april 2011, ta kontakt med arkivtenesta i Politidirektoratet: politidirektoratet@politiet.no

Innsyn i dokument hos politidistrikt og særorgan

Dersom du ønsker innsyn i dokument hos politidistrikt, særorgan og andre einingar i politiet, kan du sende ein e-post til e-postmottaket for den aktuelle eininga.

Innsyn i dokument hos Politiet sine fellestenester

Politiet sine fellestenester legg ut sin offentlege postjournal kvar veke.

Ønsker du offentleg journal frå tidlegare veker? Ta kontakt med postmottak for Politiet sine fellestenester på post.fellestjenester@politiet.no og oppgi kva veke du ønsker tilsendt.