• innsyn, retting, sperring og sletting
  • brot på teieplikta
  • kontroll av vandel
  • erstatning

Har du fått avslag på innsyn i dokumenta i ei straffesak er det reglane i straffeprosesslova som gjeld viss du vil klage. Riksadvokaten har det overordna ansvaret for behandlinga av straffesaker.

Kva er fristen for å klage?

Gjeld klaga saker der det har blitt vedtatt for eksempel innsyn, retting, sperring, sletting, erstatning eller kontroll av vandel, må du levere klaga innan tre veker frå då du fekk vite om vedtaket.

Gjeld klaga for eksempel brot på teieplikta, plikt til å gi informasjon eller bruk av opplysingar som er sperra, må du levere klaga seinast eitt år etter at det som du klagar på, fann stad.

Korleis klagar du?

Du må skrive under på klaga og levere ho skriftleg. Du må vise til vedtaket du klagar på, og den endringa du ønsker gjort i vedtaket. Du bør forklare kvifor du klagar.

Kvar skal du sende inn klaga?

Du skal sende klaga til det organet som gjorde vedtaket.

Kven klagar du til?

  • Er avgjerda tatt av politiet, kan du klage til Politidirektoratet.
  • Er avgjerda tatt av påtalemyndigheita? Då kan du klage til næraste overordna påtalemyndigheit.
  • Viss avgjerda er tatt av Politidirektoratet kan du klage til Justis- og beredskapsdepartementet.

Du kan ikkje klage på vedtaket frå dei som behandlar klaga. Det same gjeld Riksadvokaten sine avgjerder.

Datatilsynet kontrollerer korleis opplysingar blir behandla

Er du registrert i eit av politiet sine register eller trur at du kan vere det, kan du kontakte Datatilsynet. Du kan be dei om å kontrollere at opplysingane om deg er lovleg behandla. Du kan også be dei om å kontrollere at reglane om innsyn har blitt følgde. Denne retten gjeld uansett om du har sendt inn ei klage eller ikkje. Det er likevel best viss du klagar først.

Lova og forskriftene om klager på innsynsrett

Reglane om klager står i politiregisterlova § 55 og politiregisterforskrifta kapittel 18. Du finn fleire reglar i forvaltingslova.