Du har i tillegg rett til å få vite:

  • om opplysingar om deg er utleverte til andre
  • kven dei i så fall er utleverte til
  • kva for type opplysingar som er utleverte

Innsyn i straffesaker er nærare regulert i politiregisterforskrifta og straffeprosesslova.

Unntak frå retten til innsyn

Politiet kan nekte innsyn viss det er nødvendig. Dei kan for eksempel gjere det viss dei meiner at innsynet kan forstyrre ei etterforsking eller bryte personvernet.

Korleis får du innsyn?

For å få tilgang til opplysingane må du fylle ut eit skjema for krav om innsyn. Krav betyr her førespurnad eller søknad.

Her er skjemaet du treng

  • Du må skrive kva for register du vil ha innsyn i. Elles kan du forklare i kva for samanheng du meiner at du er registrert. Les meir om politiet sine register i skjemaet om krav om innsyn.
  • Du må legge ved kopi av gyldig legitimasjon. Les meir om kva som blir vurdert å vere gyldig legitimasjon i skjemaet.
  • Innsyn i reaksjonsregisteret, som inneheld ei oversikt over kva for straffer eller andre reaksjonar du har fått, får du munnleg på politistasjonen.
  • Ved innsyn i politioperativt register må du skrive tid, stad og kva som har skjedd. Eller skrive andre opplysingar som gjer at vi kan finne det du meiner vi har registrert.
  • Vil du ha innsyn i ein lydlogg, må du også skrive tid, stad og kva som har skjedd. I tillegg må du skrive telefonnummeret du ringte frå, då vi registrerte samtalen din.
  • Viss du vil ha innsyn i bekymringssamtaler og arrestjournalar, må du vise til namnet på politidistriktet, namnet på byen eller stadnamnet der samtalen skjedde.

Kvar skal du sende kravet?

Du kan sende skjemaet til den avdelinga som har ansvaret for det du ber om innsyn i. Det er den avdelinga som skal behandle kravet. Det vil derfor variere kvar du kan sende skjemaet. Det kjem an på kva for register du ber om innsyn i.

I skjemaet står det kven som er ansvarleg for dei ulike registera. Du kan også sende eller levere skjemaet til det politidistriktet som registrerte det som skjedde. Eller så kan du sende det til politidistriktet der du bur. Hugs å ha med gyldig legitimasjon.

Her finn du kontaktinformasjonen til politiet

Politiet gjer merksam på at utveksling av vanleg e-post kan vere ukryptert. Teiepliktige, sensitive eller andre fortrulege opplysningar bør ein derfor ikkje sende med e-post. Dette gjeld òg meldingar som inneheld fødselsnummer.

Vente på svar

  • Politiet skal svare på kravet om innsyn snarast, og seinast innan 30 dagar. Svaret vil bli sendt til adressa du har sendt inn, eller til den som representerer deg. Dette kan for eksempel vere ein advokat.
  • Svaret på kravet om innsyn er eit enkeltvedtak som du kan klage på til Politidirektoratet.

Kva seier lova?

Reglane om innsyn i politiet sine register står i politiregisterlova § 49 og politiregisterforskrifta kapittel 13 og 17 og del 11. Der finn du konkrete reglar om innsyn i dei ulike registera.

Innsyn i straffesaker er styrt av straffeprosesslova og politiregisterforskrifta kapittel 27.

Kva seier politiregisterlova?

Politiregisterlova og politiregisterforskrifta set krav til korleis politiet og påtalemyndigheita behandlar personopplysingar. Lova skal bidra til at

politiet og påtalemyndigheita utfører oppgåvene sine effektivtpersonvernet blir varetattalle skal føle at behandlinga av opplysingar skjer slik dei forventar, og i tråd med god rettssikkerheit.

Politiregisterlova og politiregisterforskrifta har mellom anna reglar om

  • teieplikt og utlevering av opplysingar
  • politiet sine register
  • den registrerte personen sine rettar, som plikt til å gi informasjon, rett til innsyn, moglegheit til å klage og erstatning
  • retting, sperring og sletting av opplysingarkontroll av vandel
  • internkontroll og informasjonstryggleik
  • korleis Datatilsynet kontrollerer og fører tilsyn med politiet si behandling av opplysingar
  • grunnleggande prinsipp om personvern.

Grunnleggande prinsipp om personvern vil seie at vi må behandle opplysingane i tråd med det formålet som er definert på førehand. Det må også vere nødvendig å behandle opplysingane. I tillegg skal opplysingane vere av god kvalitet.