Identifiseringsgruppa (ID-gruppa) skal slå fast identitet når fleire menneske døyr samtidig i ei fly-, skred-, flom- eller skipsulykke eller ein annan katastrofe, og når eit ukjent lik eller restar av eit ukjent lik blir funne. Under identifiseringsarbeidet skal gruppa sikre bevis som kan vere av verdi for å slå fast årsaka til og ansvaret for hendinga.

Identifiseringsgruppa blei oppretta i 1975 som ei mobiliseringseining. ID-gruppa har knytt til seg kriminalteknikarar, rettsmedisinarar, rettsodontologar, taktiske etterforskarar og kontorpersonell. Gruppa er administrativt lagd til Kripos, men har medlem over heile landet, blant anna i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø.

ID-gruppa har ytt hjelp i alle store ulykker i Noreg sidan 1975, blant anna identifiseringsarbeidet etter terrorangrepet 22. juli 2011. Av større identifiseringsarbeid i utlandet kan vi nemne tsunamien i Thailand i 2004. ID-gruppa er medlem av Interpols Disaster Victim Identification Steering Group og gjer i snitt minst to enkeltidentifikasjonar i veka.

Hovudoppgåva til den nasjonale identifiseringsgruppa er å slå fast identitet når fleire menneske er omkomne samtidig i ei ulykke eller anna hending, eller når ein ukjent daud person blir funne.

Gangen i ID-prosessen

Når ein person er sakna eller truleg omkomen, samlast alle kjende opplysningar om han eller henne (ante mortem-informasjon) inn for seinare samanlikning med daude personar. Dette gjeld spesielt

  • tannjournalar og røntgenbilete
  • medisinske journalar
  • DNA-referanseprøvar frå familiemedlem
  • fingeravtrykk
  • andre opplysningar, som tatoveringar, arr, eventuelle andre særkjenne ved ein person
  • taktiske opplysningar som for eksempel kva leilegheit han eller ho bur i, og kva klede eller smykke han eller ho ofte bruker

Ved funn av ein daud person gjer dei ei sakkyndig likundersøking (post mortem-undersøking), og i denne prosessen dokumenterer dei alle medisinske og fysiske detaljar på den omkomne. Så samanliknar dei opplysningar om den sakna med opplysningane frå den sakkyndige likundersøkinga.

Kriterium for identifikasjon

Hovudkriterium:

  • tannopplysningar
  • fingeravtrykk
  • DNA

Tilleggskriterium:

  • medisinske funn
  • kriminaltekniske funn
  • taktiske opplysningar

ID-gruppa slår som hovudregel identiteten fast når minst eitt av hovudkriteria er oppfylte, understøtta av tilleggskriterium. Det må vere samsvar på alle punkt.

Kva skjer etter at ein avliden er identifisert?

Når den avlidne er identifisert, blir den daude personen frigitt til dei pårørande for gravlegging. Politiet kan i enkelte tilfelle halde tilbake den avlidne dersom etterforskingsmessige omsyn krev det, men dei vil frigi liket så snart som mogleg.

Identifiseringsgruppa er samansett av

  • administrativt personell
  • kriminalteknikarar
  • rettspatologar
  • rettsodontologar
  • rettsgenetikar (DNA-ekspert)