Miljøkriminalitet rammar ofte fellesgoda våre. Dette gir politiet andre utfordringar enn med annan kriminalitet. Slik kriminalitet rammar jo gjerne enkeltpersonar. Miljøkriminalitet kan ramme heilt lokalt. Men slik kriminalitet kan også få følger for heile landet eller andre land.

Miljøkriminalitet skader miljøet. Dette kjem på toppen av belastinga som lovleg verksemd fører med seg. Kriminaliteten svekker livsgrunnlaget vårt. I tillegg gjer han det vanskelegare å kontrollere korleis vi skal forvalte naturressursane i framtida.

Lovbrot blir ofte oppdaga av miljøforvaltinga i staten. I fleire tilfelle blir miljøkriminalitet også avdekka av organisasjonar som driv med miljøvern. Politiet må samarbeide godt med miljøforvaltinga for å kunne etterforske miljøsaker på ein god måte.

Økokrim er den eininga i politiet som har ansvaret for miljøsaker. Det er likevel lokalt politi som skal etterforske og løyse dei fleste miljølovbrot der dei skjer.

Finn næraste politi

Vel stad for å sjå kontaktinformasjon og opningstider

Skriv postnummer eller klikk for din posisjon
  1. Skriv postnummer eller klikk for din posisjon
1 Resultatene er klare. Bruk piltastene eller sveip for å gå opp og ned.