Oppgåva er å hjelpe politidistrikta med etterforskinga av alvorlege, uløyste saker. Eininga vil gå gjennom saker på nytt og vurdere om det er mogleg å skaffe nye opplysningar og/eller nytte nye metodar, og om det i så fall er grunnlag for ytterlegare etterforsking. Det vil primært dreie seg om uløyste drapssaker, inkludert mistenkelege dødsfall og saker der sakna personar kan ha blitt drepne.

Krevjande saker

For første gang i Noreg er det sett av ressursar til ei ny gjennomgåing av dei mest alvorlege uløyste sakene. Dei fleste av desse sakene er grundig etterforska tidlegare. No, fleire år seinare, er sjansane framleis ikkje så store, men ei gjennomgåing med nye auge, ny teknologi og vidareutvikla metodar gir grunn til ein viss optimisme.

Kven er vi?

Seksjonen for alvorlege, uløyste saker er samansett av personar med kompetanse innan etterforsking og etterforskingsleiing, påtale, kriminalteknikk, analyse og psykologi. Seksjonen samarbeider òg med andre fagmiljø ved Kripos og politiet elles samt andre kompetansemiljø nasjonalt og internasjonalt.

Tips til det lokale politidistriktet

Spesielt for dei pårørande, men òg for samfunnet elles, er det særs viktig å få løyst dei mest alvorlege sakene. Vi oppmodar alle som har tips eller opplysningar om ei slik sak, til å kontakte politidistriktet der hendinga skjedde. Utgangspunktet er at det aktuelle distriktet ber om hjelp til ei gjennomgåing eller etterforsking av ei alvorleg, uløyst sak. I særlege tilfelle kan seksjonen ta over ansvaret for etterforsking og påtale, men normalt vil ansvaret for den vidare oppfølginga ligge hos politidistriktet.

Du kan òg sende informasjon til Kripos på e-post: tips.coldcase@politiet.no

Finn næraste politistasjon eller lensmannskontor

Your position
  1. Your position
1 Results are available. Use keyboard or swipe to navigate.