Dette kom fram på Møre og Romsdal politidistrikt sin årlege pressekonferanse om straffesakstala fredag.

- Grunnen til dette kan nok vere samansett, men det fell saman med ein generell nedgang i talet på vinningsbrotsverk. Europeiske land som vi kan samanlikne oss med opplever mykje det same. Noko av det kan forklarast med svingingar i marknaden for omsetning av mobiltelefonar og elektroniske apparat. Men samstundes har politiet hatt ei betydeleg satsing på å redusere vinningskriminaliteten, særleg den organiserte vinningskriminaliteten og tjuveri frå personar på offentleg stad, sa politimester Ingar Bøen på pressekonferansen fredag.

Reint statistisk kan ein også registrere ei overføring mellom dei to kategoriane "økonomi" og "vinning" som gjer at summane ikkje vert samanliknbare med tidlegare år. Det har samanheng med at vanleg bedrageri vart overført frå "vinning" til "økonomi" i den nye straffelova.

Men om talet på straffesaker generelt minkar, kan ein diverre ikkje seie det om overgrep mot barn.

Det finn vi ut av tala frå barnehuset som rapporterer om: 392 tilrettelagde avhøyr av barn som forklarte seg om overgrep – både valdelege og seksualiserte. Dette er ein auka frå 315 avhøyr som vart gjennomførte i 2015.

Etter ei lovendring som vart sette i verk 1. oktober 2015, er det no politiet som har ansvaret for desse avhøyra som tidlegare var lagde til domstolane. Den praktiske tilrettelegging og gjennomføringa av avhøyra, vert gjennomført ved hjelp av fagpersonell på barnehuset Ålesund.

- De er omfattande prosedyrerar som blir brukt i samband med desse avhøyra for at borna skal kjenne seg trygge og ikkje skal oppleve at belastninga vert større.

Men dei omfattande prosedyrane som også femner om knappe tidfristar i saksbehandlinga har vorte nokså utfordrande for politiet. Vi har vorte nøydde til å bygge eige system til å handtere den aukande saksmengda. Det krev bruke av store ressursar på personell-sida for å ta unna dei mange sakene til rett tid.

- Ingenting tyder på at talet på slik saker vil blir redusert framover og det er grunn til å frykte store mørketal. Det seier seg sjølv at dette er ei viktig oppgåve for politiet – uavhengig av ressursbruken. Det vil vere ein grov forsømmelse å ikkje prioritere denne kampen for barn som verkeleg treng oss, sa Bøen.

Vi ser dette både i oversikta frå Statens barnehus og vi finn igjen auken i talet på sedlighetssaker, men nokre av sakene knytta til dei tilrettelagde avhøyra har truleg også vorte innført i straffesaksregisteret som valdssaker.

Tilrettelagde avhøyr som metode vert brukt i tilknyting til overgrep mot barn generelt.

Politimeister Bøen viste til talmateriale som klart viser at overgrepssakene er ein sterkt aukande sakstype og fortalde at politidistriktet for to månadar sidan starta ein operasjon for å avsløre overgriparar som opererer på nettet.

- Vi har sett inn ti etterforskarar får heile distriktet som saman med teknisk ekspertise – og røynde fagfolk frå Kripos - har fått tilgang til dei "mørkaste" områda på nettet – der overgrepsmateriale vert delt og overgriparar kommuniserer anonymt. Så langt meiner vi ha avdekka fire konkrete overgrepssaker. Tre av desse var heimehøyrande i andre politidistrikt og vart oversende dit. Men ein fjerde person er identifisert i Møre og Romsdal, pågripen og varetekstfengsla for ei veke sidan, sa politimeisteren.