Det har vore usemje om kor mange driftseiningar Møre og Romsdal politidistrikt skal delast inn i. Alternativa har vore to eller fire einingar, og Justis- og beredskapsdepartementet har hatt drøftingsmøte for å kome fram til ei løysing, men meklinga har ikkje ført fram.

Arbeidsgjevar, Parat, Norsk tenestemannslag, Noregs Politileiarlag og Noregs ingeniør og teknologiorganisasjon meinte at politidistriktet burde delast i fire geografiske driftseiningar (GDE), medan Politiet sitt Fellesforbund og Politijuristane meinte at distriktet burde inndelast i to GDE.

Evaluerer ordninga i 2019

I pressemeldinga skriv departementet at dei fire einingane vert Søre Sunnmøre, Nordre Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre.

Ein føresetnad for avgjerda er at det vert gjort ei forpliktande evaluering av organisasjonsstrukturen i løpet av 2019.