I tillegg til dette foreslår arbeidsgruppa at det vert politipostar utan fast bemanning ved dei tre flyplassane ved dei tre største byane

Arbeidsgruppa har fredag overlevert si tilråding til politimeister Ingar Bøen.

- Nye måtar å arbeide på vil vege opp for dei lokale ulempene ved å slå saman nokre av lensmannskontora. Ein del av poenget med nærpolitirefoma er at vi skal legge opp arbeidet på nye måtar. Vi skal vere meir ute på hjul, gjere meir av etterforskingsarbeidet på staden og korte ned saksbehandlingstida. Samstundes skal vi profesjonalisere samarbeidet med kommunane gjennom politiråd og eigne politikontakter for mellom anna å målrette det førebyggande arbeidet lokalt, seier politiinspektør Kjell Arne Hestad som har leia det omfattande arbeidet med å vurdere kontorstrukturen ut frå eit politifagleg perspektiv.

Arbeidsgruppa har den siste tida fått inn ei rekke innspel frå kommunar og andre.

Leiaren for arbeidsgruppa seier fylgjande om siktemålet med strukturarbeidet:

- Det er vår hovudmålsetning at vi skal få eit meir operativt, synleg og tilgjengeleg politi.

Politimeister Ingar Bøen seier at han ikkje kan kommentere innhaldet i tilrådinga frå arbeidsgruppa.

- Eg har ikkje hatt høve til å sette meg inn i dei vurderingane som er gjorde, men det ser ut til at gruppa har gjort eit grundig arbeid.

Politimeisteren understrakar at mandatet til arbeidsgruppa har vore å kome med ei tilråding som bygger på politifaglege kriteriar.

- Eg tek no i neste veke med meg rapporten til to møter i ei utvida styringsgruppe der eg møter ni ordførarar frå heile fylket som vil gje meg kommuneperspektivet på strukturen. I den same styringsgruppa møter eg også fleire frå den faste leiargruppa, dei tilsette sine organisasjonar og vernetenesta. På bakgrunn av dette vil eg utarbeide eit endeleg framlegg som skal ut til høyring 19. oktober, men det vert rikeleg med høve til å påverke det endelege forslaget, seier Bøen.

I den seks veker lange høyringsperioden vil politiet halde ein høyringskonferanse for kommunane i Ålesund 4. november.

Så samlar politimeisterens si styringsgruppe og gjennomgår dei fråsegner som har kome inn midt i november.

Høyringsfristen går ut 1. desember og politimeisteren samlar den utvida styringsgruppa til ein siste gjennomgang 9. desember, før han utformar og sender sitt endelege framlegg til Politidirektoratet 15. desember.

Det er Politidirektoratet som avgjer strukturen og det skjer innan utgangen av januar. Men dette kan klagast inn til Justisdepartementet og det betyr at ein først rundt 15. april veit heilt sikkert korleis politi-kartet for Møre og Romsdal vert sjåande ut.

Møre og Romsdal politidistrikt har i reformarbeidet valt å sjå vekk frå dei mange uavklarte spørsmåla knytta til regulering av kommunegrenser og teke utgangspunkt i korleis grensene faktisk er no.

- Vi har funne det umogleg å ta omsyn denne reformprosessen i kommunesektoren før det er gjort endelege vedtak om samanslåing av kommunar. Når det ligg føre vil gjere dei justeringar i våre strukturar som er naudsynte, seier politimeister Ingar Bøen.