Det inneber at det vert politistasjon eller lensmannskontor fylgjande stadar: Vanylven, Herøy, Ulstein, Ørsta, Sykkylven, Ålesund, Haram, Vestnes, Rauma, Molde, Fræna, Sunndal, Surnadal, Tingvoll, Kristiansund, Smøla og Aure.

- Det har vore ein tett dialog med Politidirektoratet etter at eg leverte tilrådinga mi for ein månad sidan og vi har no i fellesskap kome fram til den konklusjonen at Smøla bør oppretthaldast. No ser eg fram til å sluttføre arbeidet med omstruktureringa og moderniseringa av politidistriktet. Heile Møre og Romsdal skal få ei betre polititeneste enn det har vore, seier politimeister Ingar Bøen.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård seier at ein utifrå nasjonale vurderingar – omsyn til reiseavstandar og befolkningsmengde, har bestemt at lensmannskontoret på Smøla skal oppretthaldast.

- Ved ei avvikling ville Smøla blitt ei av Norges største øyar utan fast stasjonert politi, og lang reiseavstand til næraste lensmannskontor, uttalar politidirektøren.

Politimeisteren viser til at det ligg ein grundig prosess med omfattande lokal involvering til grunn for den avgjerda som er teken. til grunn for har vore ein grundig prosess lokalt.

- Tilbakemeldingar vi har fått frå engasjerte ordførar er at involveringa har vore svært god og eg har ikkje tru på at det er mange som kjem til å lage på prosessen, sjølv om fleire sjølvsagt er misnøgde med utfallet, seier Bøen

Til saman ni av dei minste lensmannskontora i distriktet vert no slått saman med nabokontoret til større einingar. Dette skal vere med å effektivisere og gjere politiet meir operativt, synleg og tilgjengeleg og samstundes vere i stand til å levere ei teneste med høgare kvalitet – mellom anna når det gjeld arbeid som førebygger kriminelle handlingar.

Når Politidirektoratet no har teke avgjerda om ny tenestestadstruktur, starter ein periode på åtte veker der berørte kommunar har høve til å klage til Justis- og beredskapsdepartementet. Det kan klagast på avgjerdene frå Politidirektoratet om endringar i inndelinga i lensmanns- og politistasjonsdistrikt og samanslåing eller nedlegging av lensmannskontor eller politistasjonar.