I bilens hans vart det også beslaglagt narkotika.

Mennen var ein av tilsaman 4200 bilførarar som vart kontollerte då praktissk talt alle bilar som passerte kontrollplassen på Ørskogfjellet vart stoppa mellom klokka 10 på føremiddagen og 22 om kvelden.

Over 60 kontrollørar frå dei tre etatane var med og gjennomførte kontrollen torsdag – som skal vere den største i sitt slag nokon gong her i fylket.

Tilsaman 34 bilførarar fekk gebyr – dei aller fleste fordi dei ikkje hadde med førarkort, medan fire førarar vart anmelde fordi dei ikkje har gyldig førarkort.

- Vi fokuserte på førarane i denne gongen og konsentrerte oss om dokumntkontroll saman med promillekontroll, seier politiførstebetjent Steven Blindheim som er trafikk-koordinator for politiet på Sunnmøre.

Fagsjef for køyrety i Statens Vegvesen, Sverre Bigseth, seier at hans etat konsentrerte seg om vinterutrustninga til køyretya.

11 køyrety vart avskilta, medan 27 bilførara fekk mangellappar.

- Når ein ser på den stor mengda av kontrollerte køyrety, må talet på reaksjonar seiast å vere gledeleg lavt, seier politførstebetjent Blindheim og han får støtte frå Bigseth i Vegvesenet.

- Dette må seiast å vere eit bra resultat, seier fagsjefen.