Lensmannskontora vart oppretta i ei tid med heilt andre kommunikasjonar enn vi har i dag.

I tillegg har vi fått skjerpa krav til arbeidstid og det har kome skjerpa krav til tryggleik for mannskapa. Dertil kjem at vi har eit heilt anna kriminalitetsbilde enn berre for nokre ti-år sidan – mellom anna stor mobilitet.

I sum fører desse faktorane til at vi må gjere endringar i kontorstrukturen for lensmannskontora.

Endringane skjer – saman med ei rekke andre tiltak – som ein del av den store Nærpolitireforma. Ei reform som skal løfte kvaliteten på polititenesta her til lands og rigge etaten slik at vi er spissa mot dei utfordringane vi står framføre.

Når vi no skal sjå på oppbygginga av etaten i Møre og Romsdal , ynskjer eg å ha sterk medverknad frå kommunane. Dette fordi eg vil ha skikkeleg innsikt i kva utfordringar dei ulike delane av distriktet står i.

Har møtt ordførarane

Dei siste par månadane har eg gjennom dei tre regionråda møtt alle ordførarar og rådmenn. Dessutan har eg hatt separate møter med fleire formannskap.

Bodskapen er at vi vil ha dei kommunane som kjenner seg berørte av ei strukturendring inn i ei styringsgruppe som skal gje staben min og meg råd om kva løysingar vi skal velje når lensmannskontor og politistasjonar skal plottast inn på karet over Møre og Romsdal denne hausten.

Denne veka møtte ni ordførarar frå heile fylket i styringsgruppa for å ta fatt på dette arbeidet. Då startar ein intensiv periode med møter i styringsgruppa og samarbeidskonferansar som skal ende med at eg legg fram eit forslag i månadsskiftet september/oktober. Mi endelege tilråding til Politidirektoratet skal vere klar innan 1. desember.

Kan påverke strukturen

No får kommunane høve til å påverke strukturen i politietaten gjennom arbeidet i styringsgruppa og på samarbeidskonferanse. Dei får høve til å uttale seg når mitt forslag kjem på høyring. Deretter får dei eventuelt klage på direktoratet si avgjerd, heilt fram til justisministeren får det endelege ordet ut på vårparten.

Målet mitt er like enkelt som det er vanskeleg: Eg vil etablere løysingar som samla sett skal lage ei best mogleg polititeneste for folket i Møre og Romsdal. Vanskeleg fordi det sannsynlegvis vil vere delte meiningar om kva som er det beste – alt etter kva ein bor. Men eg må likevel sjå på heilskapen.

Eg er heilt overtydd om at vi skal greie å få til ei betre polititeneste enn det vi har no. Sjølvsagt er det dritstig å love noko slikt. Vert det på same nivå som i dag eller dårlegare, har vi mislukkast. Eg har ikkje lyst å oppleve ei evaluering om fire år som viser at vi har feila med nærpolitireforma i Møre og Romsdal.

Uroleg for utkantane

Eg er ikkje uroleg for dei store alvorlege hendingane – til dømes på sokkelen. Når det verkeleg røyner på fungerer politiet godt. Min uro handlar om korleis vil skal greie å gje folket i utkantane ein beredskap som er god nok.

Tenesta er ikkje god nok mange stadar. Terskelen for å rykke ut i samband med hendinga i nokre av distrikta, ser ut til å ha vorte altfor høg. Det må vi få gjort noko med, sjølv om vi held til i eit fylke som er opprive av fjordar og fjell.

Ei nyskaping kan vi i alle fall love kommunane: Kvar einskild kommune skal få ein eigen kontaktperson i politiet. Dette skal vere ein tenestemann på så høgt nivå at vedkomande kan forplikte politiet. Føremålet med eigne politikontakter er å betre samarbeidet mellom politiet og kommunane. På denne måten meiner eg at vi kan greie å løyse opp i små og ganske store problem raskt og ikkje minst – til beste for innbyggarane i Møre og Romsdal.

Effektivt, lokalt nærpoliti

Politidistriktet vårt er mellom dei aller minste i landet med 260.000 innbyggarar. Vi har 508 tilsette fordelt på 28 tenestestadar. Til å drive dette har vi i år eit budsjett på 410 millionar kroner.

Mange vil kanskje seie at dette er store ressursar, men vi må hugse at vi skal halde ein beredskap som gjer at alle i distriktet kjenner seg trygge 24 timar i døgnet , 365 dagar i året. Gjennom nærpolitireforma skal vil syte for at vi har eit operativt, synleg og tilgjengeleg politi som har kapasitet og kompetanse til førebygge, etterforske og påtale kriminelle handlingar og sikre tryggleiken til innbyggarane. Det skal utviklast eit effektivt og lokalt nærpoliti, og samtidig utvikle fagmiljø som er rusta til å møte dagens og morgendagens kriminalitetsutfordringar.

Må levere på mange felt

Det kan vere fristande å sitere ein av deltakarane på møta med regionråda i fylket. Vedkomande hadde høyrt på ordskiftet om nedlegging av lensmannskontor: - Eg veit ikkje om eg så oppteken av at lensmannskontoret vårt skal oppretthaldast. Men eg krev at anmeldelsen som eg leverer vert etterforska og at eg får svar frå politiet før det har gått eit halvt år.

På ein måte illustrerer dette sitatet den situasjonen som vi står i: Innbyggarane krev at vi skal ha fokus på fleire område og det har dei rett til. Vi må levere polititeneste på mange felt og med høg kvalitet – det skal resultata av nærpolitireforma hjelpe oss å leve opp til.

Vi skal greie det

Eg forstår det godt når nokre ordførarar er urolege for at ei nedlegging av lensmannskontoret skal gje ei svakare polititeneste når dei eigenleg treng ei sterkare.

Politiet si målsetting er altså det motsette, og det har ein greidd andre stadar, her er kva Ap-ordførar Jan Erik Nordahl i Sørreisa sa då han evaluerte nedlegginga av lensmannskontoret i kommunen:

- Vi var veldig skeptisk til endringen, men tok feil. Vi har fått en bedre polititjeneste etter at lensmannskontoret ble lagt ned. Vi har fått et synlig politi og tilstedeværende politi i nærmiljøet og opplever at det har en preventiv effekt.

Det er heilt klart at vi skal greie å få til det same i Møre og Romsdal på stadar der nedlegging av lensmannskontor måtte bli løysinga til slutt.

INGAR BØEN, politimeister