- Politikontaktene vil få ei særleg oppgåve med å fylgje opp det førebyggande arbeidet i kommunene, med tanke på å skreddarsy tiltak for den ein kommune på dette viktige området, seier politimeister Ingar Bøen i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politimeisteren opplyser at politikontakter er ein av seks funksjonar som politiet prioriterer høgt i samband med reformarbeidet.

Møre og Romsdal politidistrikt vil i tida framover kontakte leiinga i kvar einskild kommune for å få i istand oppstartsmøte der ein kan avklare forventingar og legge planar for samarbeidet framover.

- Målet med politireforma er trygge lokalsamfunn – både i by og bygd. Politiet skal levere ei endå betre polititeneste til befolkninga, og kvaliteten skal vere like høg uansett kvar i landet folk bur, held politimeisteren fram.

Bøen meiner at ein for å lukkast må vi ta vare på det politiet er gode til, og samtidig utvikle betre og meir effektive måtar å løyse oppgåver på.

- Vi skal jobbe endå meir kunnskapsbasert og i større grad evne å vere i forkant av kriminaliteten. Samtidig skal vi bruke ressursane endå betre, seier han.

Bakgrunnen for reformarbeidet som no pågår i politi-Norge, er blant anna kritikken som politiet fekk etter 22. juli, som seinare enda opp i Politianalysen. Rapporten etter 22. juli konkluderte med at politiet hadde mykje å hente på kultur, haldningar og ikkje minst leiing.

Reforma vart behandlet i Stortinget i juni 2015, og er fundert på et breitt politisk fleirtall.

- Nærpolitireforma handler om at politiet skal bli endå bedre på å skape tryggleik der folk bor. Norge har ein dedikert og kompetent politistyrke, som på fleire område er blant dei fremste i verda. For å møte dagens og morgondagens utfordringar er det likevel det nødvendig å vidareutvikle politiet, understrekar politimeisteren.