Brev til kommunane den 6. juni 2016:

Den overordna målsetjinga bak Nærpolitireforma er at politiet skal kunne gje innbyggarane ei betre polititeneste – basert på dei forventingane folk har og dei krava som styremaktene set til ei slik teneste.

Eit viktig element i dette reformarbeidet er å sjå på tenestestadstrukturen i distriktet som er bygd opp over tid og under vilkår som kanskje ikkje kan vektleggast på same måte som tidlegare.

Den lokale strukturen i politidistrikta skal legge til rette for eit nærpoliti som er operativt og synleg, med kapasitet til å førebygge, etterforske og påtale kriminelle handlingar.

Ein viktig føresetnad for å lukkast med nærpolitireforma vil vere å utnytte politiressursane betre enn i dag. Effektivisering av den lokale strukturen i politidistrikta skal bidra til i frigjere ressursar, slik at politiet kan bli meir tilgjengelege og til stades i nærmiljøa.

Det må understrekast at endringar i tenesteeiningar og tenestestadar skal vere i samsvar med krav som skal sikre høg kvalitet i polititenesta, og fastsetjast etter involvering av berørte kommunar.

Som politimeister har eg dei siste vekene møtt regionråda i Nordmøre og Romsdal der eg har gjort greie både for målsetjingar og kva utfordringar han ser føre seg. Eit slikt møte er også avtalt med Sunnmøre regionråd, men det vert arbeidd med å eit høveleg tidspunkt i løpet av ei vekes tid. Men her har eg også møtt ein del av ordførarane og rådmennene gjennom nokre av politiråda.

Formell invitasjon

Dette er den formelle invitasjonen til å vere med ei styringsgruppe for prosessen som skal leie fram til min konklusjon om kvar det skal vere tenestestadar. Denne konklusjonen må vere klar til oversending for avgjerd i Politidirektoratet innan 1. desember 2016.

For å få sette arbeidet i gang, vert det

første møte i styringsgruppa i Ålesund 22. juni kl 11.00 (nærare om møtestad kjem seinare)

Alle berørte kommunar har rett på ein plass i styringsgruppa.

Det er imidlertid slik at ei styringsgruppe med representantar frå alle kommunar i Møre og Romsdal, vil bli eit tungrodd og lite effektivt organ. Vi ber derfor om at kommunane samsnakkar med tanke på å få ned talet, men då slik dei kommunane som kjenner seg sterkast berørte får plass.

Styringsgruppa skal utforme eit mandat for vurdering av tenesteeiningar og tenestestadar, men også organiseringa av arbeidet. Vidare skal gruppa godkjenne planen for involvering av lokalsamfunna og involvering av dei tillitsvalde i prosessen.

Styringsgruppa skal sikre at kommunane sine prioriteringar og forventningar til polititenestene kjem tydeleg fram. Og endeleg skal styringsgruppa gje råd om effektivisering av politidistriktas lokale struktur med utgangspunkt i kommunane sine prioriteringar og politidistriktets risko- og sårbarheitsvurdering for 2016.

Kva skal styringsgruppa gjere?

Politidirektoratet har i styringsdokumenta til politidistrikta sagt fylgjande om styringsgruppa:

  • Det skal etableres en styringsgruppe, som skal ledes av politiet. Styringsgruppen skal minimum bestå av representanter for politimesteren, berørte kommuner og de ansatte i politiet.

Styringsgruppen skal

  • utforme mandat for vurdering av tjenesteenheter og tjenestesteder, herunder spørsmål om organisering av arbeidet (arbeidsgrupper mv.
  • godkjenne plan for involvering av lokalsamfunnene og involvering av de tillitsvalgte i prosessen
  • sikre at kommunenes forventninger og prioriteringer til polititjenestene kommer tydelig frem
  • gi politimesteren råd om effektivisering av politidistriktenes lokale struktur med utgangspunkt i kommunenes prioriteringer og politidistriktets risiko- og sårbarhetsvurdering for 2016

Det første møtet vil innehalde grundig orientering om dagens situasjon her i politidistriktet og om dei grunnleggande føringane som er lagde av sentrale styremakter.

Dessutan vert det lagt fram ein meir detaljert framdriftsplan for prosjektet og dermed også styringsgruppa sitt arbeid.

Det er ein omfattande og arbeidskrevjande prosess vi skal gjennom i løpet av dei næraste seks-sju månadane og det er viktig at vi kjem i gang.

Komande samarbeidskonferanse og høyringskonferanse 

Vi ser mellom anna føre oss å arrangere ein samarbeidskonferanse der alle kommunar og andre samarbeidspartar kan delta og at den første kjem allereie i andre halvdel av august. Seinare i prosessen vil legge opp til ein høyringskonferanse med dei same sjansane til å delta for alle.

Saksdokumenta vil bli sende ut seinast ei veke før det første møtet i styringsgruppa og vil be om at det vert respondert frå kommunen si side, med å sende oss ei ei e-postadresse som vi kan sende saksdokumenta til.

Ålesund 6. juni 2016

Ingar Bøen

Politimeister