Bøen fylgjer i stor grad konklusjonane frå ei intern arbeidsgruppe i politiet som la fram si tilråding for fjorten dagar sidan. Gruppa foreslo tre politistasjonar og ni lensmannskontor i framtidas Møre og Romsdal, men politimeisteren ynskjer også kontor i Eide/Fræna og på Vestnes. Dessutan ynskjer han å flytte kontorstad for det nye Nordre Sunnmøre lensmannsdistrikt frå Ørskog til Haram. Samstundes signaliserer han ynskje om ei flytting av kontoret i Ulstein til Myrvåg-området i Indre Herøy når det passar med utløp av eksisterande husleigekontrakt.

Framlegget frå politimeisteren vart fredag sendt på høyring til alle kommunane i Møre og Romsdal.

- Eg kan i all hovudsak slutte meg til det framlegget som arbeidsgruppa kom med i ein grundig rapport, men eg kjende det slik at politi-tilbodet vart litt for tynt i nokre folkerike område. Det er bakgrunnen for dei endringane eg har gjort, seier politimeisteren.

- Nye måtar å arbeide på vil vege opp for dei lokale ulempene ved å slå saman nokre av lensmannskontora. Ein del av poenget med nærpolitireforma er at vi skal legge opp arbeidet på nye måtar. Vi skal vere meir ute på hjul, gjere meir av etterforskingsarbeidet på staden og korte ned saksbehandlingstida. Samstundes skal vi profesjonalisere samarbeidet med kommunane gjennom politiråd og eigne politikontakter for mellom anna å målrette det førebyggande arbeidet lokalt, seier Bøen.

Arbeidsgruppa i politiet som la fram sine konklusjonar for fjorten dagar sidan, la politifaglege kriteriar til grunn for arbeidet sitt. No har politimeisteren gjennomført to møter i ei styringsgruppe der ni ordførarar frå heile fylke og tilsette sine fagforeiningar er med. I tillegg har politimeisteren hatt møter med dei tre regionråda og han har møtt i ei rekke formannskap og kommunestyre i løpet av dei siste månadane.

- Involveringa frå kommunane har vore svært viktig for meg. Eg har bede om råd frå lokalpolitikarane fordi det er dei som veit kvar skoen trykkjer. Mi målsetting er at vi skal lage ei så god polititeneste som mogleg for heile fylket, seier Bøen.

Om framlegget som no er sendt kommunane til høyring, seier politimeisteren:

- Ved å slå saman lensmannsdistrikt skal vi bygge opp kontoreiningar som er stor nok til å gje publikum med ei fullverdig tilbod. Dei skal syre for beredskap, etterforsking, førebygging og utføre sivile gjeremål. Dei skal i størst mogleg grad vere sjølvhjelpte. Det er vår hovudmålsetting at vi skal få eit meir operativt, synleg og tilgjengeleg politi.

Sjølv om politimeisteren meiner det eit godt framlegg han har sendt på høyring, understrekar han at det ikkje er høgd i stein.

- Vi skal no ha ein omfattande høyringsprosess der kommunane er utfordra til kome med innspel. Det skal haldast ein stor høyringskonferanse i Ålesund 3. november og vi skal ha nye møter med ordførar og tillitsvalde før høyringsfristen går ut 2. desember. Då har eg eit par veker på meg til utforme eit endeleg forslag til Politidirektoratet som skal avgjere strukturen, seier politimeister Bøen.

Jamvel om direktoratet har mynde til å avgjere strukturen i alle dei 12 politistrikta, kan ein også klage til justisministeren dersom ein meiner det er gjort feil i saksbehandlinga. Difor kan vi vere langt ut på vårparten før vi veit endeleg korleis politi-kartet i Møre og Romsdal vert sjåande ut.