UT PÅ PÅSKETUR?

Be naboen melde frå til politiet om mistenkeleg aktivitet. Sei at dei skal notere seg framande bilar og personar i nabolaget, som ikkje passar inn i dagleg mønster eller av naturlege påskegjestar.Lås dører og vindauge før langtur og også om du berre er i hagen eller på verandaen.Be nokon om å ta inn post og søppeldunk om du reiser. Avbestill faste leveransar.La nokre lys stå på i huset om det vert mørkt før du kjem heim. Bruk tidsur (timer). Ikkje legg verdisaker slik at dei er lette å sjå av nokon som står på utsida. Rydd vekk stigen og anna verkty som ligg ute. Ikkje la reservenøklar ligge "gøymt" på innlysande gøymestader som i blomsterpotte eller postkasse – ein tjuv kan alt om slike.Vurdere installasjon av innbrotsalarm eller avtale med vaktselskap.Registrere serienummer på verdigjenstandar som har dette.Ting som du/familien er ekstra redd for bør merkast og fotograferast. Ikkje publisere på sosiale media at du reiser vekk i påska.

Mistenker du at noko ikkje er som det skal vere, kan du ta kontakt med politiet på 02800. Ikkje tenk at du eller naboen bryr oss med noko uvesentleg eller at andre alt har sagt frå.

Ikkje plikt å opne døra

Om nokon ringer på, har du ikkje plikt til å opne. Sjekk om det er noen du kjenner og som du venter besøk av. Sjølvsagt er ikkje alle framande ute i ulovlege ærend. Det er mange som har ein heilt gyldig grunn til å dukke opp i nabolaget, som handverkarar og tilsette i andre serviceyrker. Men dei som er uærlege kan utnytte dette og late som at dei har en gyldig grunn til å være tilstades.

Ikkje vert flau om det viser seg at det ikkje var grunn til mistanke. Tenk heller på kva som kunne ha hendt om du ikkje sa frå.

Kjennteikn på personar

  • Kven var det du observerte?
  • Var det noko spesielt du la merke til?
  • Kvar og når observerte du den mistenkelege aktiviteten?

Kjenneteikn på køyrety

  • Bilnummer (viktigst)!
  • Type bil og gjerne årsmodell?
  • Farge, 2-dørs, 4-dørs, van, SUV, firhjulstrekk, tilhengerfeste?
  • Passasjerar (tal på dei som var i bilen)?
  • Logo, skader på bilen (noko anna uvanleg)
  • Ta gjerne et foto - men berre om det går utan å provosere.