Langs kysten har det vore tradisjon for at det blir sendt opp naudbluss denne spesielle kvelden, men det er ulovleg. Naudbluss er for naud og er ikkje tillate til bruk for nyttårsaftan. Når dette likevel blir gjort kan det får store konsekvensar. Forskrift om handtering av eksplosjonsfarleg stoff er klar på reglane som gjeld: Pyrotekniske artiklar og gjenstandar skal brukast til det formålet dei er bestemt for og i samsvar med den rettleiinga som skal fylgjer vara.

- Når naudbluss vert brukt til det dei skal, ute på sjøen, er dei ikkje farlege. Fare oppstår fyrst når desse fallskjermrakettane landar i busetnad eller i skog og lyng. Eit naudbluss er svært brannfarleg. Dei gir frå seg så mykje varme at dei til og med held fram å brenne under vatn, seier brannsjef Geir Thorsen i Møre og Romsdal 110-sentral KF. Han er også uroa for alderen og kvaliteten på det som kjem under naudbluss og naudrakettar.

- Naudbluss vert regelmessig skifta ut på grunn av bruksdato, men er framleis reiarlaga sin eigedom. I staden for å destruere det på sikkert vis, er vi kjende med at mannskap tek dette med heim som fyrverkeri på nyttårsaftan. Det er ulovleg å bruke det på denne måten, seier politiinspektør Yngve Skovly i Møre og Romsdal politidistrikt.

Nyttårsaftan er heller ikkje dagen der ein skal trene på å skyte opp naudbluss. Nokre har forklart at dette er bakgrunnen for tradisjonen med både å få og å bruke naudblussa. Reiarlaga som deler ut slikt utstyr til sine tilsette vert oppmoda om å slutte med dette. I så måte går "Fiskebåt", organisasjonen til havfiskeflåten, i front. Dei er i gang med det førebyggande arbeidet og informerer sine medlemmar om reglane som gjeld.

- Ved brot på forskrifta kan ein straffast etter brann- og eksplosjonsvernlova og straffelova med bøter eller fengselsstraff på inntil tre månader[1]. Skyt du opp naudbluss utan å vere i naud, risikerer du også å verte meld for å slå falsk alarm, seier politiinspektør Skovly.

- I samanheng med naudbluss tek vi også med dei kinesiske lanternene. Desse kan lett forvekslast. Kinesiske lanterner er flygande bål som kan kome opp i 800 meters høgde og brenn i 20-40 minutt. Det kan falle brennande bitar av den og den kan segle fleire kilometer av garde. Når ei lanterne landar medan den enno brenn kan den starte brann både i hus og vegetasjon. Bruk erå sjå på som brot på den generelle varsemda ein skal vise etter brannlova og brannforskrifta, seier brannsjef Thorsen.

Alle har vi ei plikt til å vise alminneleg aktsemd og opptre på ein måte som gjer at brann kan førebyggast. Me ynskjer ei trygg og triveleg markering bøde for dei som feirar på rett vis og for brannmannskap, politi og sivilforsvar og andre som helst vil unngå å rykke ut for å sløkke brann etter uvettig bruk av pyroteknikk.

LOVVERKET:

Brot kan straffast med bøter eller fengsel i inntil 3 månader etter Brann- og eksplosjonsvernlova § 42
jf. 20 og 5 forskrift om handtering av eksplosjonsfarlig stoff § 2-10. Vidare straffelova i § 188 (ny 2005 gjelder etter 1. oktober 2015).