Dei er alle driftseiningsleiarar i dagens organisasjonsstruktur som tel i alt seks geografiske driftseiningar og i ein prosess i politiet sine organ vart det fastslått at dei fire hadde rett til å tre inn som leiarar også for dei nye driftseiningar.

Dei fire nye driftseiningane vil bli sette i drift først ut på nyåret.

Driftseiningsleiarane skal vere ein del av den nye leiargruppa til politimeisteren i Møre og Romsdal.

Oddbjørn Solheim (51) vert driftseiningsleiar for Nordre Sunnmøre og politistasjonssjef i Ålesund. Solheim er frå Ulsteinvik og etter politiskolen jobba han 10 år ved Søndre Buskerud politidistrikt i Drammen. Deretter vart det Kripos og Gjensidige, før han vart fagansvarleg ved Politihøyskolen.

I 2013 flytta han heimover og til Ålesund der han i dag er politistasjonssjef i Ålesund og driftseiningsleiar for dagens Nordre Sunnmøre.

Guttorm Hagen (59) vert driftseiningsleiar for nye Søre Sunnmøre og lensmann i Indre Sunnmøre lensmannsdistrikt.

Hagen er fra Ørsta der han framleis er busett. Han fullførte Politiskolen i 1981, etter aspirantteneste ved Rauma lensmannskontor. Lensmannsbetjent ved Eid lensmannskontor i tre år, deretter lensmanns-/politibetjent ved Ørsta lensmannskontor fram til 2005. Har sidan då vore lensmann og driftsenhetsleder for Søre Sunnmøre.

Per Karstein Røv (59) vert driftseiningsleiar for nye Romsdal og politistasjonssjef i Molde.

Røv er frå Molde og gjekk ut frå Politiskolen i 1980. Etter over 20 år ved Fræna lensmannskontor, vart han hausten 2002 tilsett som politistasjonssjef i Molde og frå 2005 driftseiningsleiar for dagens Romsdal.

Røv er i dag politistasjonssjef i Molde og driftseiningsleiar for dagens Romsdal.

Bjørn Fiske (62) vert driftseiningsleiar for nye Nordmøre og politistasjonssjef i Kristiansund.

Fiske er frå Surnadal og gjekk ut frå politiskolen i 1977. Etter tre år ved Økern politistasjon i Oslo vart det jobb i Nordmøre politidistrikt, ved ordensavdelinga i Kristiansund. Han har brei erfaring fra ordens-/trafikkteneste, etterforskning og administrative oppgåver.

Fiske er i dag politistasjonssjef i Kristiansund og driftseiningsleiar for dagens Ytre Nordmøre, ei stilling han har hatt sidan 2005.