Test av moped.
Ved kontrollar finn vi mopedar som oppnår meir enn 90 kilometer i timen, det doble av det fartsperra er sett til. Vi testar effekten og har sett dei som går over 120 kilometer i timen, seier Blindheim. (Illustrasjonsfoto: Politiet)

- Kontrollane våre har vist at teknisk stand på moped og lettsykkel må vektleggast mykje meir her på Sunnmøre. Før skulane slutta i sommar avdekka vi manglar på heile 29 av dei 60 kontrollerte mopedane og lettsyklane utanfor vidaregåande skular i Ålesund, seier Steven Blindheim trafikk-koordinator for Sunnmøre i Møre og Romsdal politidistrikt.

- Eigar pliktar å forvisse seg om at køyretyet er i forskriftsmessig stand. Ofte ser vi at det er mor eller far som er registrert eigar i vognkortet, når sjåførane er i aldersgruppa 16 til 20 år. Derfor må både sjåførar og føresette sjå til at køyretya er forsvarlege og lovelege.

Modifisert – trimma sykkel

- På ein av sunnmørskontrollane vart politiet seinare takka av føresette. Dei var ikkje klar over at den bøtelagde sykkelen til ungdommen deira var trimma. Har du kjøpt ein brukt moped, scooter, lettsykkel eller kanskje ein el-sykkel og er i tvil om det er gjort modifiseringar? Då vil du ha mykje igjen for ein tur innom ein autorisert verkstad. Der vil dei kontrollere både fartsytinga og teknisk stand.

- Om yteevna er endra, då er køyretyet trimma til å gå raskare enn det er konstruert for. Ved kontrollar finn vi mopedar som oppnår meir enn 90 kilometer i timen, det doble av det fartsperra er sett til. Vi testar effekten og har sett dei som går over 120 kilometer i timen, seier Blindheim

- Når en trimma moped kjem over 70 km/t og guten eller jenta bråbremsar, har vi en potensielt livsfarleg situasjon. Om sjåføren er 75 kilo vil treffpunktet i 70 km/t vere på to tonn. Fleire mopedeigarar køyrer i tillegg med svært grove dekk, noko som igjen aukar farepotensialet.

Modifisering/trimming skjer til dømes om tannhjulet bak blir skifta, som når du girar på en vanleg sykkel vil eit mindre tannhjul gi meir fart. På nokre mopedar er elektronikken kopla om for å fjerne turtallssperra. Eksospotta vert bytta for å gi meir effekt, eller det blir sett på større dyser.

Ein moped skal ha ein motor på maksimum 50 kubikkcentimeter. Den skal ikkje kunne køyrast raskare enn 45 kilometer i timen på flat veg. Reglane er slik ut frå eit EØS-direktiv som pålegg Noreg å fylgje europeiske standardar. Slagvolum for lett motorsykkel skal elles høgst vere på 125 kubikkcentimeter.

Nokre modifiserer også ved å ta ut DB-killer (Decibel Killer) frå eksosanlegget. Då endrar ein lyden opp i volum til stor irritasjon for omgjevnadane.

Bot, prikkar og forsikring som ikkje vil gjelde

Alle endringar som påverkar ytinga gir grunnlag for bot. Trimming av moped gjev i utgangspunktet tre prikkar på førarkortet og eit forenkla førelegg på kroner 5.350, om du er 16 til 18 år. Er du over 18 år og har eit ferskt førarkort i klasse B for personbil, då doblar talet prikkar seg. Sjåførar som har hatt førarkort i klasse B i mindre enn to år, har førarkort på prøve og alle regelbrot gjev dobbelt så mange prikkar. Om du i ein treårsperiode får åtte prikkar mistar du førarkortet i eit halvt år og må ta ny førarprøve.

- Forsikringa vil heller ikkje gjelde ved ulykker med trimma moped eller lettsykkel. Då kan det verte dyrt om du har skuld i skade på andre personar, køyrety eller eigedom, seier Blindheim.

Dyrt å få komme på vegen igjen

En moped eller lettsykkel avskilta i kontroll, må setjast tilbake i opprinneleg teknisk stand. Så må den visast på ein trafikkstasjon før den kan kome ut på vegen igjen. Har du ein trimma moped må du i tillegg til det forenkla førelegget du fekk, betale gebyr på trafikkstasjonen på 570 kroner ved framvisninga. Er det berre snakk om mindre utbetringar, som til dømes eit lykt som må rettast, skal tenesta på trafikkstasjonen vanlegvis vere gratis.

Stor risiko for ulykker

- Dei yngste mopedsjåførane med avgrensa opplæring har minst erfaring. Dei er dermed også mest utsett for ulykker. Ein innehavar av sertifikat for lett motorsykkel har meir omfattande opplæring enn dei som har mopedsertifikat, men også sjåførane i denne klassen er av dei yngste og mest uerfarne.

- Framover seinsommaren og hausten vil politiet ha fleire kontrollar i samarbeid med Statens vegvesen i heile politidistriktet. Vi ynskjer å luke ut farlege køyrety frå trafikken. Samstundes vektlegg vi kontakt med ungdommane slik at vi kan gi informasjon om kva dei kan utsette seg for. Dette er en viktig del av det førebyggande trafikksikkerheitsarbeidet vårt, avsluttar Blindheim.

Lov om vegtrafikk (vegtrafikklova)

§ 13.Krav til kjørety og bruk av køyrety

Køyrety skal vere bygd, innretta, utstyrt og vedlikehalde slik at det kan brukast utan å forårsake unødig fare eller ulempe og utan å skade veg.Endringar som aukar den maksimale farsta eller ytinga på motorsykkel (herunder moped) utover grenser fastsett for vedkomande gruppe av motorsyklar i medhald av andre ledd, må ikkje utførast.

§ 23.Ansvar for køyretyets stand m.m.

Før køyringa startar, skal føraren forvisse seg om at køyretyet er i forsvarleg og forskriftsmessig stand og at det er forsvarleg og forskriftsmessig lasta. Han/ho skal sørge for at køyretyet også under bruken er i forsvarleg stand og forsvarleg lasta.Eigar av køyrety eller den som på eigaren sinevegne rår over det, pliktar å sørge for at køyretyet ikkje vert brukt dersom det ikkje er i forsvarleg stand.

Forskift om forenkla forelegg

§ 1 - 8 Forskrift om forenkla forelegg i vegtrafikksaker

Køyring med motorsykkel (herunder moped) der det er gjort endring som aukar den maksimale hastigheita eller ytinga som motorsykkel er registrert for, vegtrafikklova § 23 jf. § 13. Bøtelegging på kroner 5 350.

Forskrift om prikkbelastning

§2 og § 3 Grunnlag for prikkbelastning og om registrering av prikkar

Køyring med trimma motorsykkel, herunder moped, jf. vegtrafikklova § 13 femte ledd og § 23.Førar med prøveperiode (for førarrett i klasse B), skal registrerast med dobbelt tall på prikker for kvart brot på reglane.

 

Brot

Prikkar

I 60-soner eller lågare med køyring minst 16 km/t for fort

3

I 70-soner eller høgare med køyring minst 16 til 20 km/t for fort

2

I 70-soner eller høgare med køyring frå og med 21 km/t for fort

3

Køyring mot rødt lys

3

Ulovleg forbikøyring

3

Brot på vikeplikten

3

Køyring i sperreområde

3

For liten avstand til køyretyet fram om

3

Køyring med trimma motorsykkel/moped

3

Ikkje sikra passasjerar under 15 år

2

Sjåførar i førarkortklasse  B får dobbelt så mange prikkar i prøveperioden