Husk at det er ei aldersgrense på 16 år, om det er snakk om eit brett som går meir enn 6 km i timen. 

Dei under 16 år kan berre føre sjølvbalanserande køyrety som er permanent sperra på maks 6 kilometer i timen og som har eigenvekt på under 50 kilo - sjå forskrift om køyrande og gåande (trafikkreglane) § 1 fyrste ledd bokstav M). Desse er leikety og kan i utgangspunktet køyrast på same omåda som du kan gå på. Det er heller ikkje spesielle tekniske krav og alderskrav til leikety. Alle andre sjølvbalanserande køyrety – også dei der fartsperre kan justerast - har 16-årsgrense (jf. køyretyforskrifta § 2-5 nr. 4).

Med andre ord er det ikkje lov å bruke slike brett som transport til barne- og ungdomsskule.

Reglane om det å vere  førar og eigar

Om foreldra let borna under 16-år bruke eit ståbrett som går for raskt, seier lova at det er du som er eigar som har overlete køyretyet til nokon som ikkje fyller vilkåra (jf. vegtrafikklova § 17).

Brot på reglane kan medføre at eigar vert meld, fordi føraren av slike sjølvbalanserande køyrety er omfatta av reglane som gjeld motorvogner generelt.

Du kan miste førarkortet

Føring av eit sjølvbalanserande køyrety (definert som motorvogn), eller eventuell det å overlate dette til nokon som ikkje fyller vilkåra kan, etter ordlyden i Vegtrafikklova § 33 nr 1, også medføre tap av førerett så lenge omsynet til trafikksikkerheita tilseier dette.

- Alvorlegheitsgrad på sanksjonen overfor eigar vil verte ei vurdering som politiet må gjere i kvart einskild tilfelle. Forenkla førelegg er nok det mest sannsynlege, saman med ein prat med dei føresette. Men vi ynskjer ikkje at vi skal kome i den situasjonen at vi må ta vurderinga.

- Veit dei vaksne om reglane saman med skulane håpar vi i politiet at vi kan unngå at slike situasjonar oppstår.    

Over 16 år og har eit slikt "brett"? Det skal vere i teknisk god stand

På lik line med syklar, mopedar og andre køyrety må einhjulingar og ståbrett også vere i god teknisk stand.

  • Ha front- og baklys samt reflekser.
  • Være utstyrt med signalhorn eller ringeklokke.
  • Ikke kunne kjøre fortere enn 20 km/t.
  • Bremser må oppfylle angitte krav.

Manglar samt brot på kvar ein køyrer kan medføre bøtelegging  (sjå forskrifta om forenkla førelegg i vegtrafikksaker, paragraf 1.14-15  med det unntak at førelegget vil vere halv sats av det som gjeld for motorvogn.