På eit møte i tilsetjingsrådet i går blei følgjande personar tilbydt følgjande stillingar:

Leiar geografisk driftseining Bergen/Sotra/Askøy/Øygarden
Olav Valland (61 år), Øystese

Fungerande leiar og visepolitimeistar for avdeling Hordaland . Tidlegare har han vore politistasjonssjef for Bergen sentrum politistasjon. I tillegg har han bakgrunn som administrasjonssjef, Namsfogd, politiinspektør i Politidirektoratet og han har jobba i Justisdepartementet. Han har også brei erfaring som lensmann og politibetjent.

Utdanning: Politi.

Leiar geografisk driftseining Sogn og Fjordane
Arne Johannessen (59 år), Hafslo (opphavleg frå Øystese)

Driftseiningsleiar i Driftseining Sogn. Han har vore både forbundsleiar og forbundssekretær i Politiets Fellesforbund i ein lengre periode.

Utdanning: Politi.

Leiar geografisk driftseining Hordland
Jan Ludvig Fosse (58år), Dimmelsvik
Lensmann i Kvinnherad sidan 1997. Han har òg vore Namsfogd i Bergen. Han har brei erfaring som lensmannsførstebetjent og lensmannsbetjent.

Utdanning: Politi.

Leiar felles eining for operativ teneste
Morten Ørn (57 år), Bergen (opphavleg frå Oslo)

Konstituert leiar for Felles eining for operative tenester. Han har tidlegare vore politistasjonssjef for Bergen Sør, og han har vore leiar for register - og analyseseksjonen i gamle Hordland politidistrikt. Han har òg jobba som etterforskar/spesialmedarbeidar.

Utdanning: Politi, Master i politivitenskap.

Leiar felles eining for førebygging
Kari Marie Kjellstad (57år), Bergen

Internasjonal rådgivar i Politidirektoratet. Har tidlegare vore fungerande leiar for felles operativ eining. Ho har vore seksjonsleiar for register - og analyseseksjonen og ho erfaring som seksjonsleiar for etterforsking. Ho har brei erfaring som politibetjent/politiførstebetjent innan blant anna organisert kriminalitet, etterretning, narkotikaanalyse og vold.

Utdanning: Politi, mastergrad og sjukepleiar.

Leiar felles eining for etterretning og etterforsking
Helge Stave (48 år), Askøy

Prosjektleiar for Prosjekt nytt politidistrikt i Vest politidistrikt. Han har tidlegare vore lensmann og seksjonsleiar. I tillegg har han jobba i Politidirektoratet som assisterande programdirektør, og har lang og brei erfaring som politibetjent i ulike avdelingar.

Utdanning: Politi og Master of public administration.

Frå før av består leiargruppa i Vest politidistrikt av:

Politimeistar
Kaare Songstad (51 år), Bergen
Songstad starta i politiet som politifullmektig ved Bergen politikammer. Han har vore politimeistar i Vestfinnmark og i Haugaland og Sunnhordaland, og sist avdelingsdirektør politiberedskap og krisehandtering i Politidirektoratet.

Utdanning: Jurist/siviløkonom

Visepolitimeistar
Ida Melbo Øystese (48 år), Bergen/Drøbak (opphavleg frå Odda).
Øystese har dei siste åra vore personleg rådgivar for politidirektøren og bistått ham i utvalde prosjekt og oppdrag. Før det var ho leiar for verksemdutvikling i Merverdiprogrammet. Ho starta som politifullmektig i Fredrikstad i 1995 og har jobba fleire år i Follo politidistrikt, fleire år som nestleiar for felles etterforskingseining og som leiar for felles etterforskingseining. Ho har òg jobba som dommarfullmektig i Moss tingrett og som advokatfullmektig i Fredrikstad og Singapore.

Utdanning: Jurist

Leiar stab for HR og HMS
Linda Endresen Birkeland (57 år), Bergen
Personalsjef i gamle Hordaland politidistrikt og HR leiar i interim Vest politidistrikt.

Utdanning: Master i yrkespedagogikk

Leiar stab for verksemdstyring
Trond Arne Aglen (45), Bergen/Ulsteinvik (opphavleg frå Jøa)
Administrasjonssjef i interim Vest politidistrikt. Tidlegare administrasjonssjef i gamle Sogn og Fjordane politidistrikt. Tidlegare regionslensmann i region Sogn og lang og brei erfaring som politibetjent.

Utdanning: Politi

Leiar stab for kommunikasjon
Arne Lutro (40), Bergen
Lutro kjem frå stillinga som underdirektør av stab for kommunikasjon og samfunnsansvar i Skatt Vest. Han har tidlegare vore journalist og leiar for desken i TV2.

Utdanning: Bachelors Degree with Honours Development studies.

Leiar PST
Øyvind Tenold (år), Bergen
Har vore leiar for PST Hordaland i fleire år.

Utdanning:Jurist

Leiar Felles eining for påtale
Gunnar Fløystad (54 år), Bergen (opphavleg frå Tvedestrand)
Har vore leiar for felles eining for retts- og påtale sidan 2002.

Utdanning: Jurist

Leiar for felles eining for utlending og forvaltning
Ane Kvaal (50 år), Bergen (opphavleg frå Førde)
Har vore leiar for felles forvaltningseining sidan 2012. Har jobba for Miljøverndepartementet, ho har vore dommarfullmektig og politiinspektør i Øst-Finmark.

Utdanning: Jurist

Leiar felles eining for sivil rettspleie (ikkje utlyst enno).